Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk på blå resept

 (13.12.2018)


Ei regjering utan omsorg for heile det norske språket kan aldri vere ei regjering for heile Noreg.

På nyåret kjem det truleg til å stå ei utvida Solberg-regjering på Slottsplassen. Det første Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF bør einast om, er at dei skal verne og styrkje norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Som det minst brukte språket treng nynorsken særlege tiltak for å sikre ei reell jamstelling. Det bør ikkje koste nokon i forhandlingsrommet ein kalori. Ei regjering utan omsorg for heile det norske språket kan aldri vere ei regjering for heile Noreg.

Sidemålsordninga må må ta til på mellomtrinnet, halvårskarakteren i sidemål må ligge fast heile skuleløpet, og det må vere eigen standpunktkarakter og avsluttande eksamen i den vidaregåande skulen.

Det er ei offentleg oppgåve å setje elevane i stand til å meistre heile det norske språket. Det er ikkje tilfelle i dag. Løysinga er sjølvsagt ikkje populisme om falsk valfridom, men ei styrkt språkopplæring.

Elevane må få nynorske digitale læremiddel. I dag fløymer det over med bokmål sjølv i dei mest nynorske klasseromma i Noreg. Det er alvorleg.

Nye norske må få lære nynorsk. Læremiddel for vaksne innvandrarar må kome på same tid og pris på bokmål og nynorsk, og elevar i norsk skule burde ha rett til opplæring på eige språk ut heile grunnskulen.

Reint politisk har det vore relativt gode år for nynorsken sidan Erna Solberg blei statsminister. Mykje takka vere Venstre og KrF. Men noko har skjedd også i dei blå partia. Det går lenger tid mellom kvar gong Høgre eller Frp tar til orde for å svekkje vilkåra for nynorsken. Sidemålsordninga blir trygt administrert av ein Høgre-statsråd. Unge Høgre gjekk inn for nynorsk i Vestlandsregionen. Aldri igjen vil ein stortingskandidat brenne den «den spynorske mordlista».

Med KrF med på laget må vi få den mest nynorskvenlege Høgre-leia regjeringa nokon sinne. Då kan vi slå fast at sjølv Høgre har kome – um enn inkje so braadt.

Peder Lofnes Hauge
Nestleiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no