Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. AUGUST 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framleis nynorskvenleg regjering i Noreg

 (17.01.2019)


Kjell Ingolf Ropstad, KrF, Siv Jensen, FrP, Erna Solberg, Høgre, og Trine Skei Grande frå Venstre har lagt fram ei ny regjeringserklæring. Foto: Mona Lindseth / Venstre. 

– Noregs Mållag er svært glad for at fire av fem hovudkrav vi har stilt til ei ny regjering, er innfridde i den nye regjeringsplattforma. Det er særleg gledeleg at dei forpliktar seg til å utgreie språkdelt ungdomsskule og at den nye regjeringa vil sikre retten til læremiddel på både nynorsk og bokmål i den nye digitale skulekvardagen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Den tydelege satsinga på barn og unge er eit godt signal om at dei også vil finne rom i budsjettet for språkdelt ungdomsskule og å sikre læremiddeltilgangen – to tiltak som er rimelege å gjennomføre samanlikna med til dømes ein ekstra skuletime.

– Det er ikkje tvil om at Noreg framleis har ei nynorskvenleg regjering og at ein i denne erklæringa har fått inn endå fleire gode tiltak for nynorsken. Om retten til læremiddel òg gjeld vaksne innvandrarar, så er det full pott og ein gledeleg dag for nynorskbrukarar i heile Noreg, seier Magne Aasbrenn.

Språklova som vart lova i Jeløya-erklæringa, er no lova om eitt år, og  tidleg start med sidemål er gjenteke i denne erklæringa som sameint politikk. Noregs Mållag legg til grunn at denne regjeringa i ny språklov vil føreslå språksikringstiltak for nynorsk.

– Sidemålsordninga kan ikkje svekkjast med ei slik plattform, men tvert om styrkjast. Det er eit viktig signal når vi kjenner diskusjonane om karakterar og eksamen. Løysinga er tidlegare start og betre opplæring, seier Magne Aasbrenn.

Noregs Mållag håpa at KrF ville kunne vere med på å trekkje regjeringa i endå meir nynorskvenleg lei saman med Venstre og gode nynorskvener i Høgre og FrP, og det ser det ut til at dei har fått til.

– Og så ventar vi at dei generelle formuleringane i denne erklæringa blir oppfylte med konkret innhald dei neste to åra, seier Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no