Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. APRIL 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Velkomen til Bergenskonferanse

 (30.01.2019)

Er du oppteken av Nynorskbyen Bergen. Om korleis det går med nynorsken i det nye fylkeskommunen Vestland og kva språkpolitikk Høgskulen på Vestlandet skal ha er Bergenskonferansen noko for deg.

Hordaland Mållag og Bergen Mållag har samla mange aktørarar frå politikk, næringsliv, samfunnsliv og målrørsle for å drøfte framtida for nynorsken i Bergen og på Vestlandet. Det er Roger Valhammer, byråd for barnehage, skule og idrett, som opnar konferansen. Han skal også halde innlegg om korleis følgje opp målsettinga om Nynorskbyen Bergen med nynorsktiltak retta inn mot barnehagar og skular. Også Atle Kvamme, næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd, skal kome med innspel frå næringslivet til Nynorskbyen Bergen-målsettinga. Dette punktet vert avslutta med ein panelordskifte mellom dei politiske partia i byen.

Språkpolitikk for Vestland fylke
Noverande fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, og Aud Karin Oen, medlem i fylkesutvalet i Hordaland vil drøfte kva det betyr at den nye fylkeskommunen Vestland skal ha nynorsk som administrasjonsspråk.

Det er Oddny Miljeteig, nyleg utnemnd heidersmedlem i Noregs Mållag, som helsar møtelyden laurdag kveld. Sundag morgon er Nynorskens Hus midt i Bergen hovudemne. Det er sjølvsagt Solrun Toft Iversen, teatersjef på Hordaland Teater, som snakkar om deira arbeid med dette.

Eit anna viktig emne er: Norsk fagspråk i møte med engelsk. Då vert det paneldebatt med Åse Wetås, direktør i Norsk språkråd, Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen, Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, Berit Rokne, rektor ved Høgskulen på Vestlandet, og Atle Kvamme, næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd. Til sist vert det oppsummering av Bergen Mållag, Hordaland Mållag og Noregs Mållag.

Fakta om Bergenskonferansen:
Tid: Laurdag 6. og sundag 7. november 2019
Stad: grand Hotell Terminus i Bergen
Les program for Bergenskonferansen
Pris og påmelding:  Sjå påmeldingsskjema 

Sjå også informasjonssida hjå Bergen kommune: https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/sistenytt/article-160322 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no