Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Til lykke med nasjonaldagen, samar!

 (06.02.2019)

I dag, onsdag 6. februar, er det 102 år sidan det fyrste samiske landsmøtet blei halde i Trondheim. Datoen har blitt til den samiske nasjonaldagen.

FN har utpeika 2019 som det internasjonale året for urfolksspråk. Det gir særskild merksemd til dei språka i verda som blir nytta av eit mindretal. Dei må ikkje må bli utvatna eller gløymde.

I eit slikt år høver det spesielt bra for oss i Noregs Mållag å helse til våre venner som står i den samiske språkstriden. Det er grunn til å gratulere med at omsynet til samisk språk og kultur no kjem mykje tydelegare inn i læreplanverket i den norske skulen. I den overordna delen som skal styre dei nye læreplanane frå hausten 2020, står det at alle elevar i landet skal få innsikt i historia, kulturen, samfunnslivet og rettane til det samiske urfolket. Samtidig skal elevar i den samiske skulen få opplæring med basis i samiske verdiar og samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Innanfor Noregs grenser har det alltid rådd eit språkmangfald. Dei to norske skriftspråka, ulike dialektar, samisk og kvensk og andre gamle og nye minoritetsspråk gjer Noreg til ein fleirspråkleg stat inn i framtida også. Dette er ein ressurs både for samfunnet og for utviklinga av språkkompetansen til individet. Med utgangspunkt i denne språksituasjonen skal skulen gi barn og unge et medvite tilhøve til språklege utrykk. Formålet må vere å bygge opp om språkleg sjølvtillit slik at oppveksande slekter blir trygge på eigen kultur, samtidig som dei utviklar toleranse for og innsikt i andre språk og kulturar.

Ikkje berre i læreplanane for skuleverket, men også i utforminga av den nye språklova som skal komme innan eit år, er det viktig at samiske institusjonar og Noregs Mållag samarbeider. Mange språkpolitiske saker er like for målrørsla og rørslene til dei nasjonale urfolks- og minoritetsspråka i Noreg. Det finst mange døme på at vi har felles sak.  Det kan gjelda parallellklassar, media, litteratur, opplæring og reglar for kommunal språkbruk.

Det ideologiske tankegodset frå målsaka inspirerte Isak Saba då han for meir enn 102 år sidan gjekk på lærarskulen i Tromsø. Det er all grunn til at dei to rørslene vår skal kunne inspirere og informere kvarandre også inn i 2020-åra. Gratulerer med den samiske nasjonaldagen!

Magne Aasbrenn 
Leiar i Noregs Mållag 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no