Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemspengerefusjon!

 (06.02.2019)

No på nyåret betalar Noregs Mållag ut medlemspengerefusjonDette gjeld laga med lokallagssats som har levert årsmelding for 2017.

Om ditt lokallag saknar pengar, så kan forklaringa vere at de ikkje leverte årsmelding for 2017. Straks laget leverer årsmelding for 2018 vil Noregs Mållag betale ut medlemspengerefusjonen. Om det er lengre sidan laget leverte årsmelding, får de utbetalt dei siste tre åra når de leverer. 

Lurer du på kva medlemspengerefusjon er? Les meir om medlemspengerefusjon her. 

Fylkes- og lokallaga vedtek eigne medlemspengesatsar på sine årsmøte, som dei vil at medlemene skal betale til dei. Om laget ikkje vedtek nokon sats, vidarefører me den satsen som laget sist vedtok.

Om ditt lag ikkje har eigen medlemspengesats for lokallaget bør årsmøtet drøfte dette. Inntekt frå medlemspengane er ofte ei viktig grunnfinansiering for dei lokale mållag. Tilrådd sats for fylkeslaga er 30 kroner, og tilrådd sats for lokallaga er 40 kroner. Laga står fritt til å vedta andre summar. 17 av 18 fylkeslag i Noregs Mållag har eigne satsar mellom 20 og 50 kroner, medan lokallaga varierer mellom 0 og 100 kroner. Nokre vedtek rabatt for husstandsmedlemene i laget.

Til saman betalar Noregs Mållag attende om lag 800 000 kroner i medlemspengerefusjon kvart år.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no