Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsken i Innlandet og regionreforma

 (08.02.2019)

På Vinterseminaret på Lillehammer innleia Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar i Noregs Mållag, om Nynorsken i Innlandet og regionreforma. 

Nett no står me i Oppland fylke, eit fylke som om eitt år ikkje lenger finst. Då vil dette hotellet liggje i den nye regionen Innlandet. I 2020 skal Oppland slåast saman med Hedmark. Og med det vil to fylke med svært ulik målstode vere eitt.

Då vil Innlandet fylke femne om eit område der begge skriftspråka bokmål og nynorsk er i bruk. I Oppland er der i dag 7 nynorskkommunar, 9 bokmålskommunar og 10 nøytrale. I Hedmark er der 15 bokmålskommunar, 7 nøytrale og 0 nynorskkommunar. I Oppland har 3591 elevar nynorsk som hovudmål. Det utgjer 16,9 prosent av elevane i grunnskulen i Oppland. I Hedmark er der 2 nynorskelevar.

Men har stoda alltid vore slik?
Lom var fyrste kommune aust for Langfjella som innførde nynorsk opplæringsmål. Året var 1899. Nabobygda Skjåk kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan Østre Gausdal i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året, 1908. I Oppland heldt skiftet til nynorsk i skulane fram til 1940 då det nådde toppunktet.

Gudbrandsdalen var eit senter for norskdom og hadde mange og viktige norskdomsfolk som kjempa fram nynorsken i dalen. Då Christopher Bruun kom til Romundgard i Sel for å starte det som då var den andre folkehøgskulen i landet, var han alt målmann. Folkehøgskulen vart eit sentrum for norskdom og målstrid frå 1867. Skulen vart seinare flytt til Vonheim i Gausdal og er ein viktig institusjon i norsk historie.

Men eit sentrum for norskdom finn me òg i Hedmark, særleg rundt Savallen og i Folldal med Hulda og Arne Garborg og Ivar Mortensson-Egnund.

For sjølv om det i dag kan sjå ut som om Hedmark ikkje har nokon nynorsktradisjon, så har nynorsken hatt fotfeste nord i fylket som skulemål. I 1950 var alle skulekrinsane i Alvdal nynorske og 77 prosent av elevane i Folldal hadde nynorsk opplæringsmål. Tynset, Tolga og Os hadde alle nynorsk opplæringsmål i nokre krinsar. Etter 1965 var det berre i Folldal det framleis var nynorsk opplæringsmål i skulen. Her hadde Dalen skule i Folldal som siste krins i Hedmark, nynorskelevar fram til 2000. Det tyder at også utanfor Folldal så finst det generasjonar som har hatt nynorsk opplæringsmål, sjølv om dei tek til å dra på åra no. Det vert òg stadig produsert nynorsk av folk i Hedmark, ikkje minst av viktige stemmer som Kristin Fridtun og Sigmund Løvåsen som er yngre markerte forfattarar som skriv på nynorsk.

Kjelde: https://nn.wikipedia.org/wiki/Skulem%C3%A5l_p%C3%A5_Austlandet

Oppland er ei litt anna soge. Her har halve fylket hatt ein levande, lang og tung nynorsktradisjon, både i Valdres og i Nord-Gudbrandsdalen.

Lunner, Jevnaker, Gran, Østre- og Vestre Toten, Søndre Land, Gjøvik og Nordre Land var dei einaste kommunane i fylket utan nynorskelevar i 1950. Og sjølv om nynorskområdet har skrumpa noko, har det ikkje vore same dramatiske nedgang som i andre fylke. I Nord-Gudbrandsdalen og nord i Valdres har nynorsken halde seg stabil.

I dag er det nynorskelevar i eigne klasser i Dovre, Etnedal, Lesja, Lom, Nord-Aurdal, Nord-Fron, Sel, Skjåk, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Vang, Vestre Slidre, Vågå og Øystre Slidre.

I Nord-Aurdal, Sør-Aurdal og Sel finst der både nynorskskular og bokmålsskular, i dei andre kommunane er nynorsk opplæringsmål på alle barneskulane.

Då GSI-tala, altså statistikken over nynorskelevar i grunnskulen, kom i desember, synte dei ein nedgang i talet på nynorskelevar siste året. Det var blitt 100 nynorskelevar færre i Oppland enn førre skuleår. Kvifor det? Er det stort språkskifte på ungdomsskulen som gjev utslag?

Dei 100 elevane som forsvann det siste året, svarer om lag til samla nedgang i elevtal i dei kommunane som har nynorskelevar. Om me gjer same reknestykket på dei siste ti åra, så går talet på nynorskelevar ned med om lag 1000 på 10 år. Og 1000 elevar er om lag det den samla nedgangen i elevtal i kommunane med nynorskelevar er. I skuleåret 2018/2019 er det i Oppland 3483 nynorskelevar. For ti år sidan var det 4595.

Demografi og nedgang i folketal er altså, som elles i landet, den fremste årsaka til at talet på nynorskelevar går ned. Det er ikkje stort fråfall frå nynorsk i grunnskulen.

I tillegg vert det gjort politiske vedtak som påverkar stoda til nynorsken. I Oppland kan dette illustrerast med to døme:

Det fyrste dømet er frå Fagernes i Nord-Aurdal kommune. For det er her me finn den største einskildendringa i elevtal dei siste ti åra. Her har det forsvunne 273 nynorskelevar på ti år. Og grunnen til det er at kommunen i 2012 la ned tre nynorskskular (ein av dei vart starta opp att som montessoriskule med nynorsk opplæringsmål). Når ein slår saman skulekrinsar, skal det automatisk vere ny røysting. Slike røystingar er nesten umogelege å vinne for dei små skulane som vert slegne saman med større bokmålsskular. Slik gjekk det sjølvsagt her òg. Skal nye skulen få nynorskklasser, krev det 10 elevar, og det er noko foreldra sjølve må arbeide fram. Dette er arbeidskrevjande, ofte må ein gå frå dør til dør og spørje andre foreldre. På Fagernes vart det likevel nynorskklasser, men no er det jamt slutt. Konsekvensen av skulenedleggingane er at det i dag nesten ikkje er nynorskelevar att i Nord-Aurdal - ikkje fordi foreldra kjempa for bokmål, men fordi kampen for nynorsk vart for vanskeleg. (I tillegg har elevtalet samla gått ned i kommunen med 160 elevar.)

Og no kjem det same til å skje på Otta i Sel kommune. I randsona i Sel kommune var det fram til 2014 nynorskparallellar på skulen i Otta. Fram til tidleg på 2000-talet var det her tre nynorskskular i kommunen: Sel, Heidal og Sjoa. Sjoa vart lagd ned på tidleg 2000-tal og Sel vert lagt ned til hausten. Her var det røysting i haust, ei røysting som det er umogeleg for eit lokalsamfunn med 500 innbyggjarar å vinne over ein by med  1700 innbyggjarar. No er Heidal einaste skule att med nynorsk opplæringsmål i kommunen.  Skulenedlegginga fører til at ein effektivt kvittar seg med ein hundre år lang nynorsktradisjon. Nynorskelevane i Sel vert frå hausten av bussa ned i bokmålsklasser på Otta.

Skulenedlegging og sentralisering har gjort store utslag i talet på nynorskelevar på stutt tid, og strukturane og lovene hjelper ikkje. Dagens ordningar er laga som om språka tevlar på like vilkår.

Det er altså forklaringane på kvifor talet på nynorskelevar går ned, ikkje eit stort skifte frå nynorsk til bokmål.

Men det finst òg veldig positive tendensar i Oppland: Trass i at talet på nynorskelevar har gått ned med 1000 elevar, så har språkskifte frå nynorsk til bokmål i nesten alle kommunane gått attende. Færre elevar byter frå nynorsk til bokmål i ungdomsskulen i Dovre, Lesja, Lom, Nord-Fron, Skjåk, Vågå, Vang og Vestre-Slidre i dag enn for ti år sidan. Men sidan elevtalet minkar i alle desse kommunane (unnateke Vang), er ikkje den positive trenden like synleg i statistikken. I Skjåk var det til dømes 21 bokmålselevar i ungdomsskulen, i dag er det 1.

Dette syner at det på ingen måte er eit stort fråfall frå nynorsken, heller motsett. I dei sterkaste nynorskområda der han vert hegna om og brukt og halden oppe, styrkjer nynorsken seg.

Det vil altså seie at dagens Oppland fylke har ein sterk og levande nynorsktradisjon innanfor sine grenser. Det er ein tradisjon som i enkelte delar styrkjer seg, og som det altså er verdt å ta vare på.

Strukturar speler ei rolle. Det er ikkje slik som svært mange nynorskmotstandarar hevdar, at nynorsken går attende eine og åleine fordi fleire heller vil skrive bokmål. Strukturendringar og sentralisering er eit større trugsmål mot nynorsken i dag enn språkskifte i randsonene. Nynorskprosenten går ned i all hovudsak fordi det bur stadig fleire folk i Oslo enn i Vang.  

Samstundes veit me at nynorsken i enkelte delar av fylket i dag er under sterkt press, særleg i dei fylkeskommunale vidaregåande skulane.

Ein av dei tinga som no potensielt kan auke det presset, er samanslåinga av Oppland og Hedmark, altså gjennomføringa av den nye regionreforma.

Regionreforma:
Stortinget har sagt at kommunereforma ikkje skal slå dårleg ut for nynorsken. Språklege styrketilhøve er altså ein faktor i samanslåingar. Likevel vert det ikkje stilt noko krav til dei nye fylka for å ta vare på det språklege mindretalet som finst innanfor grensene i dei nye regionane. Det er opp til det politiske fleirtalet å finne ut av korleis ein vil handsame det styrketilhøvet.

Det er på ingen måte slik at dette er unike problemstillingar for Noreg. Då president Holland i Frankrike for nokre år sidan ville slå saman regionen Bretagne med naboregionen, var det store protestar.

Og motstandane var reint språkpolitiske. Bretonarane meinte det ville svekkje den bretonske språkstoda, og argumentasjonen er at dei hamnar i mindretal. På same måte vil nynorskinteressene no kome i mykje større mindretal i politiske prosessar i den nye regionen.

I Finland har dei nett vore gjennom ei stor kommunereform. Der sørgde dei for, gjennom lov, at eitt av dei to språka ikkje hamnar i mindretal i samanslåingar.

I Noreg er det ingen ting som hindrar at nynorsken taper på å verte overmanna.

Og no får me nokre regionar der nynorskbrukarane kjem i mindretal i endå større grad enn før.

Viken: Her vert Gol, Hemsedal og Ål einslege nynorsksvalar i eit veldig stort bokmålsfylke.
Agder: Dei tydelege nynorskkommunane i indre Agder får mindre å seie i eit nytt storfylke.
Telemark-Vestfold: Telemark har hatt ein nynorskpolitikk for å bruke og stø opp om nynorsk, vil Vestfold gå med på å halde oppe denne?

Ein språknøytral region utan nokre krav til språkbruk, vert fort ein rein bokmålsregion. Når Oppland med lange nynorsktradisjonar vert slege saman med Hedmark, som ikkje har ein einaste nynorsk skulekrins, vil tyngda av bokmålsbrukarar verte større. Dette vil auke presset mot nynorskbrukarane. Fylket har eit ansvar for å ta vare på den nynorsktradisjonen som finst i Valdres og i Nord-Gudbrandsdalen særleg.

Det fylkeskommunale ansvaret kjem til uttrykk gjennom eigen språkbruk. Dei er massive skriftspråkprodusentar, også gjennom korleis dei forvaltar dei vidaregåande skulane. I dag er språkskifte frå nynorsk til bokmål stort i den vidaregåande skulen i Valdres og i delar av Nord-Gudbrandsdalen. Samstundes styrkjer altså nynorsken seg på ein måte utanfor det fylkeskommunale ansvarsområdet.

Språkvala til kommunar, fylkeskommunar og staten er politikk. Og det kommunale og fylkeskommunale språket er ikkje regulert i lov. Det er heilt opp til det politiske fleirtalet. Alle desse politiske vala er ein del av vår samla nasjonale språkpolitikk og er med og påverkar stoda åt språka våre. Kommunar, fylkeskommunar og staten har eit ansvar for dei offisielle språka i Noreg, for bokmål og nynorsk og for dei samiske språka og kvensk.

Det er eit grunnleggjande  demokratisk prinsipp at det er opp til dei folkevalde å styre språket til kommunar og fylkeskommunar, ikkje den einskilde byråkraten sitt personlege språkval. Diverre ser ein at når språkval skjer uregulert, vert det mindre nynorsk. Mange stader vert valet bokmål fordi moderne tekstsamarbeid og tekstproduksjon gjer at språket alle meistrar, bokmålet, vert det minst konfliktfylte alternativet. Me ser òg at når administrasjonar som skal produsere nynorsktekst ligg i bokmålsområde, vert nynorskmotstanden større.

I dag er nynorsken eit mindre brukt språk enn bokmålet. Sjølv om nynorsk er utbreidd i Oppland, har til dømes fleire store nasjonale riksaviser framleis redaksjonelt forbod mot nynorsk. Nynorskbrukarane må jamt leite meir for å finne språket sitt rundt seg enn bokmålsbrukarane må. Bokmålet omgjev oss alle. Nett denne sterke posisjonen til bokmålet som majoritetsspråk, gjer at nynorsken er meir utsett. Det er lettare å bruke eit språk som ein ser rundt seg heile tida, enn eitt ein ser mindre av og som ein diverre kan møte fordommar mot. Difor er det viktig at Innlandet er ei motvekt til bokmålsdominansen i ålmenta og såleis gjer det lettare å vere nynorskbrukar. Bokmålet har alt høg status og utbreidd bruk og har liten trong for den styrkinga eit språknøytralt fylke utan retningsliner eller eit bokmålsfylke vil gje. Nynorsken sin status og nynorskbrukarane sine språklege rettar har alt å tene og mykje å tape om regionen ikkje skal produsere eit einaste ord på nynorsk.

Noregs Mållag vil rå sterkt frå å gå inn for ein språknøytral region. Utan eit einaste formelt språkkrav retta mot seg vil gjere det vanskelegare for nynorskbrukarane å skrive på eige språk.

Difor har Noregs Mållag føreslått nokre retningsliner for det nye storfylket som skal sikre nynorskbruk.

Tiltak for å sikra nynorskbruken i det nye fylket Innlandet
Det skal ikkje vere vanskelegare å vere nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i Innlandet, korkje som tilsett eller som elev i vidaregåande skule.

Innlandet fylke vil:

  • Sørge for at utetterretta informasjon frå det nye fylket vekslar mellom bokmål og nynorsk, der ikkje mindre enn 25 prosent skal vere på eitt av språka. Saker som omhandlar nynorskområde skal vere på nynorsk, og kvart fjerde år skal årsmelding/rekneskap/budsjett vere på nynorsk.
  • Privatpersonar, private bedrifter, institusjonar og organisasjonar i og utanfor fylkeskommunen får svar på nynorsk eller bokmål alt etter kva dei sjølve bruker, anten det gjeld sms, e-post eller vanlege brev.
  • Innlandet skal vende seg til nynorskkommunane i fylket på nynorsk, og fylkeskommunale føretak med kontor i nynorskkommunane skal skiltast på nynorsk og dei skal bruke nynorsk i sitt daglege arbeid. Plakatar og oppslag til bruk på skular og kollektivtrafikk i Innlandet skal vere tilgjengelege på både bokmål og nynorsk.
  • Vanleg brukt programvare på digitale arbeidsstasjonar skal ha menyar på både nynorsk og bokmål. Der dette manglar, krev fylkeskommunen at leverandøren lagar slike utan meirkostnad for fylkeskommunen. Dette gjeld programvare til alle tilsette og er særleg viktig for elevar i vidaregåande skular og andre skular som fylkeskommunen eig. For å styrke dette kravet vil Innlandet fylke samordne tinginga av programvare med andre fylkeskommunar med dei same krava. 
  • Alle skjema som innbyggjarar, institusjonar, organisasjonar eller verksemder i fylkeskommunen skal fylle ut, skal liggje føre på nynorsk og bokmål. 
  • Interne styringsdokument, retningslinjer, malar med meir skal vere på både bokmål og nynorsk.

Språket i dei vidaregåande skulane
Det skal ikkje vere vanskelegare å vere nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i den vidaregåande skulen i Innlandet.

  • Det er viktig å hegne om nynorskelevane når dei tek til på vidaregåande, og dei skulane som tek i mot flest nynorskelevar, har eit særskilt ansvar for å sikre desse elevane eit godt skulemiljø som ikkje gjer det vanskelegare å vere nynorskelev og som gjer det lett å halde på nynorsk.
  • Det er eit mål for Innlandet fylke at ingen elevar byter vekk nynorsken gjennom skuletida.
  • Nord-Gudbrandsdal vgs (alle tre avdelingane), Vinstra vgs og Valdres vgs skal vere nynorskskular. Her skal lærarane i hovudsak undervise på nynorsk, all administrativ språkbruk og all skilting skal vere på nynorsk.
  • Dei andre skulane i fylket skal legge til rette for at det vert enkelt å halde på nynorsk for elevar som ynskjer det.
  • Nynorskelevane bør så langt det er råd få gå i same klasse.
  • Alle tilsette i nynorskskulane skal ha tilbod om nynorskopplæring.
  • Innlandet fylke skal sørge for at nynorskelevane har same tilgjenge på digitale læremiddel på nynorsk som bokmålselevane og at kontorstøtteprogram og anna mykje brukt programvare finst i nynorskversjonar.

 

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no