Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. MAI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

TV 2 er opne for meir nynorsk

 (18.02.2019)


Møte mellom TV 2, Kringkastingsringen og Noregs Mållag: Frå venstre Kristofer Stavseng, Trygve Rønningen og Magne Aasbrenn. 

TV 2 er flinke til å bruke nynorsk i munnlege innslag, men Noregs Mållag etterlyser meir nynorsk i skrift. Eit møte med leiinga viser at det ikkje er nokon prinsipiell motstand mot skriftleg nynorsk i TV 2.

– Vi er opne for å stimulere til at også skrivande medarbeidarar i TV 2 kan få bruke nynorsk, var den positive meldinga frå Trygve Rønningen, kanaldirektør, da han og Sissel Kruse Larsen, ansvarleg kommunikasjon og myndigheitskontakt, tok imot Noregs Mållag og Kringkastingsringen i TV 2s Oslo-kontor fredag 15. februar.     

I høve at den nye TV 2-avtalen tok til å gjelde frå 1. januar 2019, bad Noregs Mållag og Kringkastingsringen om eit møte med TV 2-leiinga med språk som tema. Frå Noregs Mållag møtte Magne Aasbrenn, leiar, og Gro Morken Endresen, dagleg leiar. Frå Kringkastingsringen møtte styremedlem Kristofer Stavseng.

I den ferske TV 2-avtalen står det, som det gjorde i føregjengaren, at «[b]egge de offisielle målformene skal benyttes». TV 2 er flinke på å la medarbeidarane bruke normalisert nynorsk og dialekt i munnlege innslag, og mang ein TV 2-medarbeidar har fått målpris for god og ledig språkbruk. Sist fekk Eli Kari Gjengedal Kringkastingsprisen i desember i fjor. Men skriftleg nynorsk har vore lite å sjå i mediehuset med hovudsete i Bergen, og det håpar Noregs Mållag og Kringkastingsringen at det skal vere mogleg å gjere noko med.

Møtet med Trygve Rønningen og Sissel Kruse Larsen klargjorde at det ikkje ligg nokon prinsipiell nynorsk-motstand på lur i TV 2-leiinga som gjer at skriftleg nynorsk ikkje er å sjå på TV 2 i dag. Med eit auka medvit rundt språkvala redaksjonane gjer, kan mykje lett bli betre. Kanalsjefen lova at dei skulle sjå nærmare på alle punkt som målrørsla tok opp, både nynorsk teksting av filmar, nynorsk på TV2.no og i vignettar i nyheitssendingar. Han lovar å melde tilbake til Kringkastingsringen og Noregs Mållag om tiltak det er mogleg å sette i gang slik at også skriftleg nynorsk får ein plass i kanalen.

– TV2 er ein viktig samfunnsaktør og vi trur det er klokt, også reint kommersielt å vere på lag med heile landet, seier Trygve Rønningen.
 Da blir det feil å ha språklege sperrer.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no