Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Offensiv nynorskpolitikk

 (06.03.2019)

Bergen Venstre vil ha eit fast tilbod om nynorsk parallellklasse i Bergen.
– No håpar vi fleire av partia kjem etter, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– No er valkampen i Bergen i gang, og då er det gledeleg å sjå at Bergen Venstre satsar mot framleis byrådsmakt med eit heilt eige kapittel i programmet om nynorsk, seier Magne Aasbrenn.
– Bergen Venstre syner med dette at dei har ein heilskapleg og gjennomtenkt politikk for nynorsk.

– Om dette vert standarden og partia no skal kappast om den beste nynorskpolitikken, så kan me verkeleg få til ting i Bergen, seier Magne Aasbrenn.  

Dagens byråd med Arbeiderpartiet, KrF og Venstre i Bergen har stått i bresjen for ein svært nynorskvenleg politikk og for å fronte Bergen som hovudstaden i det nye fylket Vestland, det største nynorskfylket i Noreg.

Når Bergen Venstre vil tilby eigne nynorskklasser i sentrum, er dette ein heilt ny politikk som kan gjere det lettare å få til nynorskklasser i Bergen enn det er i dag.
– Her kan dei andre store byane i Noreg, som Stavanger, Trondheim og Oslo, lære av Bergen, seier Magne Aasbrenn.
– I slike byar bør det bli oppretta eit fast tilbod om nynorsk parallellklasse, utan krav til minstetal på elevar. 

– Det er òg svært viktig at Venstre i Bergen vil motverke språkskifte frå nynorsk til bokmål. Særleg i Arna bydel er dette svært viktig politikk. Her bør det vere ny kveik å hente frå utviklinga i randkommunane, som til dømes Os, der nynorsken har gått tydeleg fram i skulen dei seinare åra.

Venstre-programmet har også fleire andre positive punkt, legg mållagsleiaren til, som tidleg start med nynorsk i skulen, at kommunen berre skal nytte digitale læremiddel som både finst på bokmål og nynorsk, og at Hordaland teater og Nynorskens hus skal få støtte.

Les programframlegget til Bergen Venstre.

Noregs Mållag har laga ei heil liste med innspel til lokale valprogram

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no