Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kinopremiere med nynorsk teksting

 (14.03.2019)

Skammarens Dotter 2 har premiere på norske kinoar med undertekstar både på nynorsk og bokmål.

– Det er særs gledeleg at Euforia Film enda ein gong har teke initiativet til å tekste ein film på begge språk. Ikkje berre er film og trailer teksta på nynorsk, men også alt reklamemateriell til filmen. Slik skal det gjerast, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Noregs Mållag arbeider for at fleirspråkleg teksting vert standardløysinga for norske filmar. Alle kinoar i nynorskområde bør tilby film med nynorsk undertekst. I samiske område bør filmane tilbydast med samisk undertekst.

– Det er viktig at det norske språket og språkmangfaldet blir tatt vare på i populærkulturen for barn og ungdom, og då vert filmteksting på kino veldig viktig, seier Magne Aasbrenn.

«Skammarens dotter»-filmane er bygde på danske Lene Kaaberbøls bokserie med det same namnet. Bøkene var ein stor suksess da dei vart gjevne ut av Det Norske Samlaget. Filmen som har norsk premiere i dag, bygger på tredje bind i serien, om magiske evner, dragar og vonde kongerike, og har blitt samanlikna med fantasyunivers som «Harry Potter» og «Game of thrones». 
– Vi oppmodar alle kinoar til å bruke den nynorske tekstinga, seier Magne Aasbrenn.

Også filmen Skammerens datter, som kom i 2015, vart teksta på nynorsk. Etter det har Euforia også distribuert filmen Richard Storken (2017) med tospråkleg teksting. 

Sjå traileren til filmen med nynorsk tekst her:
https://www.youtube.com/watch?v=HQ7w4hVu9j0#action=share

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no