Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Opent møte på Sortland vgs:

Nynorsk, ja takk!

 (18.03.2019)

Positive erfaringar med nynorskopplæring i skolen: Dei siste åra har det vore fire ulike nynorskprosjekt i Lofoten og Vesterålen på Vågan ungdomsskole, Vågan videregående skole, Hadsel vgs og Sortland vgs.

Samtidig har det også vore gjennomført ulike positive prosjekt for å styrke nynorskopplæringa andre stader i Nord-Noreg og elles i landet.

Vi ønsker å formidle desse erfaringane til flest mogeleg og inviterer derfor til eit opent møte på Sortland videregående skole. Møtet er opent for alle som er interessert i norsk språk i samfunn og skole. Foreldre, elevar og lærarar er spesielt inviterte. 

Elise Nordgaard frå Hadsel vgs fortel om «Nynorskveka» 

Christine Mesterlin frå Sortland vgs fortel om «Ja, takk begge delar»

Ingar Arnøy frå Noregs Mållag og Magne Heide frå Finnmark og Troms Mållag fortel om «Røynsler frå nynorskprosjekt i skolen».

Møtet er ope for alle og er på Sortland vgs onsdag 20. mars klokka 18.30. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no