Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Læreplanen sløyfer djupnelæring i sidemål

 (19.03.2019)

Djup læring er målet for fagfornyinga og dei nye læreplanene, men når det gjeld sidemål er dei einaste endringane lettvinte svekkingar.
–  Norsk Målungdom vil styrkje djupnelæringa med tidlegare start med sidemål på barneskulen. Me er skuffa over at framlegget til ny læreplan svekkjer vurderingskrava i sidemål og ikkje styrkjer djupnelæringa i sidemål, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom.

Svekka vurderingskrav i sidemål
Måndag 18. mars kom framlegget til ny læreplan i norsk. Målungdomsleiaren er glad for at kompetansemåla framleis skal vere like for hovud- og sidemål, men uroar seg for effekten av at «vurderingen av sidemålstekster skal [...] ta hensyn til at elevene har hatt lengre tid med formell opplæring i hovedmålet».  

– Å læreplanfeste «dumsnill» vurdering i sidemål undergrev mykje  gevinsten av å likestille læringsmåla for dei to skriftspråka. I staden for å ta særleg omsyn til at elevane har hatt kort tid med sidemål, burde regjeringa gje elevane lengre tid med sidemål, slik at sidemålstekstane kan vurderast på lik line med hovudmålstekstane, seier Fredrik Hope.

Norsk Målungdom vil styrkje djupnelæringa ved å starte med sidemålsundervising før 4. trinn.
– All forsking syner at evna til å lære språk er betre jo yngre du er. Difor må sidemålsundervisinga starte tidlegare enn i dag, og me vil at elevane skal starte å prøve ut skriving på sidemålet før 4. trinn. I framlegget kjem eit slikt mål fyrst før 7. trinn, seier Fredrik Hope.


Han er dessutan kritisk til at framlegget til læreplan fjernar undervegsvurderinga i sidemål frå dei to fyrste åra både på ungdomsskulen og vidaregåande.
– Språkkompetansen vart ikkje betre på dei skulane som var med på prøveprosjektet med færre undervegskarakterar i sidemål, seier Fredrik Hope.

Tek ikkje omsyn til nynorskelevane
Fredrik Hope fryktar framlegget til ny læreplan vil setje fart på språkskiftet frå nynorsk til bokmål. Framlegget tek ikkje omsyn til at nynorskbrukarane er i mindretal, og kombinert med svekka vurderingskrav til sidemålskompetanse, kan det føre til at fleire byttar til bokmål.

– Nynorsk er eit mindre brukt språk enn bokmål, og difor er det annleis å vere nynorskelev enn bokmålselev. For at fleire av nynorskelevane skal verte trygge språkbrukarar som held på nynorsk, treng dei å lese og skrive mest mogleg nynorsk på skulen, seier Fredrik Hope. 
 

Høyring om nye læreplanar: Statsråd Jan Tore Sanner i Kunnskapsdepartementet lagt ut framlegg til nye læreplanar i grunnskulen og gjennomgåande fag på vidaregåande skule. Framlegg til ny Læreplan i norsk  er lagt ut på høyring.

Høyringsfristen er 18. juni 2019. Endeleg læreplan i norsk vert fastsett / vedteke av Kunnskapsdepartementet hausten 2019. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no