Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. MAI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Kringkastingsringen

 (22.03.2019)

Kathrine Nygård (25) frå Longva i Møre og Romsdal er vald til ny leiar i Kringkastingsringen. 
– Eg gler meg stort og kan ikkje anna enn å takka for tilliten, seier Kathrine Nygård.

Det er nesten utruleg at ein medlemsorganisasjon som har eit så smalt arbeidsfelt har greidd å overleva i meir enn seksti år. Men det seier berre at problemet enno ikkje er løyst, og det er openbert at det er mange arbeidsoppgåver å ta tak i. Eg såg at kringkastingssjefen sa han ville at 2019 skulle bli året der NRK faktisk nådde 25 % nynorsk. Det vil eg og!   

Nygård har journalistutdanning og har tidlegare arbeidd i NRK Super, mellom anna som programleiar i «Skolefri». Ho har også vore journalist for Eidsvoll Ullensaker Blad, Adopsjonsforum, Gaysir og Magasinet BLIKK. Ho har òg vore prosjektleiar i Skeiv Ungdom. Hausten 2016 var ho nynorskpraktikant ved Nynorsk mediesenter. 

Ho får med seg desse i styret: 
Kristofer Olai Ravn Stavseng, rådgjevar, kjem frå Stordal i Møre og Romsdal
Hans-Olav Rise, frontsjef, kjem frå Ulsteinvik i Møre og Romsdal
Mattias Rolighed Bergset, kommunikasjonsrådgjevar, kjem frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane 
Inger Johanne Ruset, informasjonsrådgjevar, kjem frå Linge i Møre og Romsdal
Kari Nygard Tvilde, frilans innan media, kjem frå Voss i Hordaland

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at det er minst 25 % nynorsk i NRK og at det er mest mogleg nynorsk og dialekt i alle andre mediekanalar. Organisasjonen vart skipa i 1955, har om lag 750 medlemer, får ikkje statsstøtte og har kontor i Oslo. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no