Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Norsk Målungdom

 (01.04.2019)

Gunnhild Skjold (23) frå Tromsø blei vald til ny leiar i Norsk Målungdom på landsmøtet i Oslo i helga. 

Siste helga i mars samla Norsk Målungdom seg til landsmøte på Ellingsrud skole i Oslo. Der møttest språkengasjert ungdom frå lokallaga over heile landet for å vedta ny politikk og bestemme kva organisasjonen skal arbeide med i året som kjem.

Den nye leiaren Gunnhild Skjold blei aktiv i organisasjonen i 2014 da ho var med og skipa Studentmållaget i Tromsø. Det siste året har ho vore nestleiar i Norsk Målungdom. Skjold er klar for å kjempe for at nynorskelevar skal få læremiddel på språket sitt, både trykte og digitale.

– Utan læremiddel på nynorsk er det nesten umogleg å vere nynorskelev. Kvar gong faga og læreplanane i skolen har blitt endra, kjem det nye læremiddel. Og kvar gong har nynorskelevane måtte vente i månader og år på nynorske læremiddel. Kunnskapsminister Jan Tore Sanner og forlaga må ta ansvar for at det kjem nynorske læremiddel til skolestart i 2020 når dei nye læreplanane skal takast i bruk, krev Skjold.

– Det er også viktig at nynorskelevane får møte språket sitt i den digitale skolekvardagen. Digitale læremiddel og appar blir viktigare og viktigare, men det blir ikkje mindre viktig for elevar å sjå språket sitt, seier den nyvalde leiaren, som forventar at kunnskapsminister Jan Tore Sanner gjer det som trengst for at nynorskelevane får ein like god digital skolekvardag som bokmålselevane.

Skjold tek over som leiar i juli. I tillegg blei Svein Soldal Eggerud frå Stord vald til nestleiar, Ingunn Vespestad Steinsvåg frå Stord til skrivar og Frida Pernille Mikkelsen frå Førde til økonomiansvarleg. Håkon Remøy frå Herøy, Kristoffer Myklebust Egset frå Ørsta og Ragnhild Kvifte frå Osterøy blei valde til sentralstyremedlemmar. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no