Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Ikkje nedprioriter sidemålsordninga

 (24.06.2019)

– Fleire tunge fagmiljø er urolege for at sidemålet blir nedprioritert gjennom dei føreslegne endringane i norskfaget, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, etter at innspelsfristen for læreplanen gjekk ut i midten av juni. 

– Det er ikkje det minste rart at dei reagerer. Nokre av endringsframlegga til læreplanen er rett og slett i strid med norsk språkpolitikk. Stortinget har vedtatt intensjonar om at sidemålsundervisninga må utviklast og utbetrast, ikkje reduserast. Framlegg om lågare vurderingskrav og fjerning av halvårskarakterar i sidemål vil ha stikk motsett verknad, seier Magne Aasbrenn.

Statens eige fagorgan for språk, Språkrådet, og Høgskulen på Vestlandet meiner at samanslåing av karakterar vil vera ei svekking av sidemålet, som for dei fleste elevane er nynorsk. Det er fordi vurdering er styrande for undervisninga, og det er god grunn til å frykta at undervisninga i sidemål vert nedprioritert dersom ein tek bort eigen karakter i undervegsvurderinga. Universitetet i Bergen meiner at ei omlegging av læreplanen vil få språkpolitiske følgjer fordi opplæringa i nynorsk i skulen er viktig for å fremja jamstilling mellom dei to skriftmåla. 

Nærare 50 mållag og nynorskinstitusjonar har også uttalt seg imot det nye framlegget. 

– Noregs Mållag deler sjølvsagt uroa til dei språkfaglege miljøa. Framlegget til ny læreplan frå Kunnskapsdepartementet tek paradoksalt nok ikkje utgangspunkt i kunnskap. Det er tidlegare gjennomført forsøk ved fleire skular med samanslåtte karakterar, og dei viser ingen skilnad i kompetansen til elevane. Forsøka viser dessutan at karakterar er viktig for elevane, seier Magne Aasbrenn. 

Dei fleste skular og lærarar som uttalar seg om læreplanane, støttar samanslåinga av sidemåls- og hovudmålskarakter i undervegsvurderinga på ungdomsskulen og vidaregåande skule.
– Dette heng nok saman med at norsklærarar har ei svært stor rettebyrde. Arbeidsmengda i norskfaget er eit ekte problem, men det må løysast med at årsramma for norsklærarar blir lågare, ikkje med lågare krav til norskkunnskapane hos elevane. Ein del skular praktiserer òg fleire vurderingssituasjonar for å fastsetja karakteren enn dei treng, seier Magne Aasbrenn, som sjølv er norsklærar. 

– I den vidare handsaminga av læreplanen bør ikkje regjeringa godta læreplanendringar som i praksis vil gjera norskkunnskapane blant elevane dårlegare, seier Magne Aasbrenn.
– Sjølv om fleirtalet av skulane er positive til berre å gje sidemålskarakter i standpunkt i ungdomsskulen og vidaregåande, er biletet meir nyansert enn ein skulle få inntrykk av frå debatten. På mange skular går det fram av høyringa at dei er usamde i kollegiet, mange er uroa for sidemålet si stilling og mange har ikkje ein gong svara på spørsmålet.

– Sidemålsopplæringa er ein viktig politisk reiskap for å sikra at elevane får kompetanse i både bokmål og nynorsk, og ordninga er heilt sentral for at nynorsk skal halda fram med å vera eit samfunnsberande språk i Noreg på lik linje med bokmålet, seier Magne Aasbrenn. 
– Vi veit at nynorskkunnskapane blant vaksne er for svake. Då må nye tiltak i skulen vera kunnskapsbaserte. Det nye framlegget til læreplan, med samanslåtte karakterar og lågare krav til sidemålskompetansen, er ikkje svaret på utfordringane for nynorsk i skulen. Det er det godt at mange språkfaglege miljø ser.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no