Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha meir nynorsk i nrk.no

 (24.06.2019)

– For eit par år sidan sette NRK seg klare mål for å løfte nynorskprosenten i statskanalen, og det har dei langt på veg lykkast med. Berre éin del av produksjonen er ei tydeleg sinke, og det er nettsida nrk.no. Der har nynorskdelen gått ned frå 18 prosent i 2015 til 16 prosent i 2018, og det kan ikkje NRK-leiinga berre sitte og sjå på, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Medietilsynet har no komme med allmennkringkastingsrapporten for 2018, og den viser at NRK si satsing på nynorsk på radio og TV har slått til, slik at den generelle prosenten har gått opp to prosentpoeng, frå 22 til 24. 

 Her er det all grunn til å tru at den lovfesta 25-prosenten er innan rekkevidde, og det er svært gledeleg, seier Magne Aasbrenn. 

På radio og TV blir halvparten av innslaga på dialekt rekna som nynorsk, men slik er det ikkje på nett. 

 Berre normert nynorsk blir rekna med, og det gjer at målsetnaden er vanskelegare å nå for NRK på nett. Likevel er det ekstremt viktig at innsatsen blir sett inn der, ikkje minst fordi lesartala på nrk.no går kraftig opp. Det kjem truleg av at dei er flinke med kjappe, kvalitetssikra oppdateringar, og dekker heile landet. I tillegg spelar det nok inn at andre mediehus har sett opp betalingsmur. 
 
Representantar for andre mediehus har vore kritiske til at nrk.no kan tilby gratis innhald når andre må ta seg betalt. 

 Noregs Mållag er ikkje samd i det. Det er språkpolitisk viktig at nrk.no får halde fram, for kanalen har eit mykje større nynorsktilbod enn dei nærmaste konkurrentane, seier Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no