Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ei lovande språklov for nynorsken

 (27.08.2019)

– Dette lovar godt, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Endeleg skal Noreg få ei eiga språklov, og regjeringa har no sendt eit framlegg til ny lov ut på høyring. Framlegget til språklov tek opp i seg den gamle mållova, men femnar breiare og slår fast statusen til norsk språk, urfolksspråk, norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk. 

Nynorsken som eit mindre brukt språk treng eit anna vern enn bokmålet, og lova syner at regjeringa ser og meiner dette. Lova gjer det tydeleg at det offentlege har ansvar for språka i Noreg, og pålegg dei offentlege organa faktisk å fremje nynorsk.

– Det mest spenstige og offensive tiltaket er at fylkeskommunane skal følgje dei same språkreglane som staten, seier Magne Aasbrenn.

Her har regjeringa tenkt heilt nytt og laga ei ordning som sikrar dei nynorske områda betre, sjølv i nye regionar der nynorskbrukarane hamnar i store mindretal.

– At regjeringa no legg vekk omgrepet «målform» til fordel for «språk», er noko Noregs Mållag har ynskt seg lenge og er eit signal om å styrkje statusen til nynorsk, seier Magne Aasbrenn.

Sjølv om det er fleire gode tiltak i lova, saknar Magne Aasbrenn dei retteleg offensive tiltaka.

– Det er bra at kulturministeren opnar for ein debatt om sanksjonar, seier Magne Aasbrenn. Dette ville gjeve lova gode verkemiddel, som ho no manglar.

Noregs Mållag er sterkt kritisk til at det ikkje lenger skal vere ei tenesteplikt for statstilsette å meistre både nynorsk og bokmål. Dette kravet er naudsynt for å oppnå målet i lova om å fremje det minst brukte språket.

Framlegg til ny heilskapleg språklov: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/spraklov/id2664141/ 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no