Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

2-1 til nynorsken

 (11.09.2019)

På valdagen 9. september vart det halde røysting om skulemål i tre krinsar der foreldre hadde samla underskrifter for å skifte skulespråk frå nynorsk til bokmål.

I Sunndal kommune på Nordmøre var det røysting ved to skular. Ved Løykja skole (61 elevar) fekk bokmål 197 røyster og nynorsk 173 . Ved Ålvundfjord skule (65 elevar) vart det klart nynorskfleirtal med 292 mot 193. Ved Oltedal skole i Gjesdal i Rogaland (135 elevar) vart det òg nynorsksiger med 211 mot 173 røyster.

– Eg vil få takke lokale målfolk for stor innsats alle desse stadene, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

– Det er flott med så tydelege resultat på dei to største skulane. Samtidig er det bittert med det knipne tapet på Løykja. Nå kan det hende at kommunestyret i Sunndal finn ut at marginen er så liten der at det ikkje forsvarer å skifte opplæringsspråk på skulen, men likevel illustrerer desse kampresultata at målfolk må vere aktive om ein skal unngå at skular mistar nynorsken.

Barnehagen og nynorsk 
– Heilt vesentleg på slike stader er det at kommunane må ta meir ansvar for at barnehagane førebur ungane på at dei skal gå i nynorsk-skular.
Lærarar og rektorar på mange nynorskskular fortel at fyrsteklassingane som kjem frå barnehagen er sterkt påverka av bokmål. Slik treng det ikkje å vere, seier Magne Aasbrenn. Nynorsk kan bli brukt i barnehagane i song, rim og regler og opplesing, i langt større grad enn det er i dag. 

Bli medlem 
– Det er oppmuntrande å sjå at medlemsutviklinga i mållaget er svært bra i år. Eg oppmodar alle som vil at nynorsken skal leve, til å melde seg inn i Noregs Mållag slik at vi kan stå sterkast mogleg både i defensive og offensive røystingar i framtida, seier Magne Aasbrenn. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no