Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kvifor nynorsk?

 (04.10.2019)


(Foto: Silje Krager)
Kvifor er nynorsk viktig no, og kvifor har det vore viktig før, er spørsmåla som Kristin Fridtun svarar på i denne innleiinga. Ho snakka for dagsseminara i Oslo og Trondheim denne hausten, som ein del av debatten om nytt prinsipprogram i Noregs Mållag. 

Kristin Fridtun: Kvifor er nynorsk viktig no, og kvifor har det vore viktig før?

Eg har teke på meg å svara på spørsmålet «Kvifor er nynorsk viktig no, og kvifor har det vore viktig før?» Eventuelt berre: «Kvifor var det viktig før?» Poenget er i alle tilfelle ordet kvifor. Kvifor skal me arbeida for nynorsk, og kvifor skal me ha ein eigen organisasjon som held på med nynorsk? Kvifor er nynorsk viktig?

Det er store spørsmål som det finst ymse svar på, og eg trur ikkje at eg sit med fasiten i større grad enn det andre folk i rommet her gjer. Berre for å illustrera kor innfløkt det er, så kan me alle saman – som ei lita oppvarming – stilla oss spørsmålet: «Kvifor er nynorsk viktig for meg

Det er ikkje visst at me har noko klårt svar på det, jamvel om me kjenner i heile kroppen at nynorsk er viktig, og jamvel om alle tankane våre peikar i den retninga: «Nynorsk er viktig.» Men kvifor? Sannsynlegvis er det ulike grunnar eller motiv som verkar saman inni oss. Nokre av dei er meir grunnleggjande enn andre, og nokre av dei er me meir medvetne om enn andre. Nokre av drivkreftene er me kanskje ikkje medvetne om i det heile, og det er litt skummelt å tenkja på, men alle desse kreftene eksisterer samstundes, og styrketilhøvet mellom dei kan ymsa gjennom eit menneskeliv. I éin periode av livet er dét aspektet viktig; tjue år seinare er det noko anna me er mest opptekne av.

Slik er det med målrørsla som heilskap òg. Ulike motiv er i spel heile tida, men det varierer kven av dei som er mest framme og får mest å seia. Eg skal prøva å visa korleis eit utval målfolk gjennom ulike tider har grunngjeve målaktivismen sin, og eg kjem til å strukturera dette kaoset på ein veldig lettvinn måte: Me går kronologisk fram, og me skal bruka om lag tjue minutt på å teikna opp den historiske bakgrunnen og ti–femten minutt på notida. Så vert det eit ordskifte etter det.

Målfolk kan som kjent ha ulike meiningar om mangt, men alle målfolka eg har studert, har vore samde om at nynorsk gjer verda betre. Mange har òg hatt hug til å auka mengda med nynorsk, ut frå denne tankegangen: Di meir nynorsk som finst i verda, di betre er verda. Men kven er det som får det betre med nynorsk? Og kva slags eigenskapar er det som gjer nynorsken til eit språk det er verdt å kjempa for?

Ta Ivar Aasen, til dømes, han er jo eit føreseieleg – men likevel logisk – startpunkt, sidan han er den einaste personen som er nemnd i prinsipprogrammet. Kvifor dreiv Aasen med målstrev? Dei lærde stridest om det, men eg skal prøva å svara lell.

For det fyrste: Aasen levde i ei tid der interessa for gamle språk var stor, og der den norrøne perioden vart framstilt som ein tapt gullalder. Aasen delte nok ikkje dette gullalder-synet, men han var oppteken av kontinuiteten i målsoga. Det at dei norske talemåla stod i ein ubroten samanheng med gamalnorsk, var ein positiv eigenskap ved talemåla, meinte Aasen, og dersom ein tufta eit skriftmål på desse talemåla, fekk språkhistoria eit «riktig» framhald.

Aasen meinte ikkje at gamalnorsk var eit betre språk enn dei moderne dialektane, slik fleire i samtida hans meinte, og han ville ikkje laga ein skriftnormal som låg så tett på gamalnorsk som mogleg, slik fleire i samtida hans ville. Rett nok meinte Aasen at visse dialektar var meir «typiske» og betre eigna som grunnlag for eit skriftmål enn andre dialektar. Han rangerte såleis dialektane, og just det skal me koma attende til seinare, for det spørsmålet har målrørsla bala med heile vegen: «Er alle dialektar like gode – eventuelt: like norske?»

Hovudsaka her er i alle fall at Aasen tufta skriftmålet sitt på levande norske dialektar, ikkje på gamalnorsk, men at det likevel var ein historisk dimensjon i målstrevet hans. Det at dialektane hadde sams opphav og var eit framhald av gamalnorsk, var eit viktig poeng og noko som gav dialektane – og dimed landsmålet – verdi.

Men det var ikkje berre denne språklege kontinuiteten som gjorde landsmålet til eit språk Aasen tykte det var verdt å kjempa for. Han meinte òg at det var rettvist og rimeleg at dei norsktalande språkbrukarane, som var i klårt fleirtal, fekk eit norsk skriftmål. Når størsteparten av folkesetnaden tala norsk, var det òg rimeleg at dei fekk skriva norsk. Dette er ein demokratisk tankegang. I tillegg meinte han at eit norsk skriftmål ville vera til gagn for ålmugen. Dette kan me sjå som ei sosial grunngjeving av målreisinga.

Me skal likevel merka oss at Aasen ikkje var så oppteken av psykologien til den einskilde språkbrukaren, så vidt eg kan sjå. Han hadde kanskje røynt at det var vondt eller nedbrytande for folk å ikkje få bruka språket sitt, men i argumentasjonen sin legg han meir vekt på det praktiske og pedagogiske: at det var lettare for folk å ta til seg kunnskap og delta i samfunnslivet om dei fekk bruka sitt eige språk som dei kjende ut og inn.

Me skal òg merka oss at Aasen stort sett nytta kollektive nemningar om dette folket: Han tala om «Almuen», «Bondestanden», eventuelt «Bonden» i kollektiv tyding. Det er såleis kollektivet – meir presist bondestanden – og ikkje individet som står i sentrum hjå Aasen.

Så kan me hoppa til ein tidleg målmann som gjekk imot Aasen på mange punkt, og som har påverka mange målfolk etter seg, jamvel om granskarane er usamde om kor sterk påverknaden hans har vore: Olaus Fjørtoft. Fjørtoft var ikkje oppteken av kontinuiteten og samanhengen med gamalnorsk. Han meinte at målfolk burde samla seg om dei folkelege dialektane som vart nytta her og no, i samtida. Han rangerte heller ikkje dialektane. Fjørtoft såg på alle dialektar som like verdfulle. Mange målgranskarar på 1800-talet meinte at bygdemåla var «reinare» og «betre» enn bymåla, mellom anna Ivar Aasen meinte noko i den retninga, men Fjørtoft gjekk beint imot dette synet og jamstilte bymåla med bygdemåla.

Det heng saman med det politiske prosjektet hans. Fjørtoft drog klassestrid og arbeidarsolidaritet inn i målstrevet. Han ville ha organisert politisk kamp mot overklassa, og han meinte etter kvart at løysinga av arbeidarspørsmålet var den viktigaste oppgåva i samtida. Aasen hadde som nemnt vore mest oppteken av bondestanden, ikkje den nyfødde arbeidarklassa, og Aasen ynskte heller ikkje strid mellom dei ulike laga i folket. Han gjekk snarare inn for ei klassesamarbeidsline, med «gjensidig Agtelse mellem dei forskjellige Stænder», som han skriv i Grundtanker til en Afhandling om en norsk Sprogform.

Det er mykje å seia om meiningsskilnaden mellom desse to. Båe var til dømes opptekne av folkeopplysing, og båe såg på landsmålet som meir pedagogisk det dansk-norske skriftmålet, men dei hadde heilt ulike meiningar om kva slags landsmål som var mest pedagogisk. Det er heilt typisk: Så å seia alle språkdebattantar meiner at deira språk eller deira rettskriving er den mest pedagogiske. Aasen prioriterte orden, system og kompromiss mellom ulike dialektvariantar og meinte at dét var best, Fjørtoft meinte at ein meir ljodrett eller ortofon skrivemåte var best, og at skriveopplæring på dialekt var det aller beste.

No enda Fjørtoft til slutt på eit temmeleg ekstremt standpunkt: Han meinte at all normering av dialektane var språktvang. Han såg føre seg at tida eller «utviklinga» på sikt kom til å syta for ein naturleg skriftnormal. Fleire har påpeika at det er noko naivt over denne tankegangen: Korleis kunne Fjørtoft gå inn for organisert politisk strid mot overklassa, medan språket vart overlate til seg sjølv og lagnadskreftene eller marknadskreftene?

Det får vera som det vil med det – Aasen og Fjørtoft kan i alle fall stå som representantar for to hovudliner innanfor målrørsla. Mange av usemjene mellom målfolk krinsar nettopp om dei heilt grunnleggjande spørsmåla som desse to striddest om. Kor stor vekt skal me leggja på språkhistoria, til dømes? Har fortida noko å seia for målarbeidet i notida?

Dei målfolka som vil leggja relativt stor vekt på koplinga til gamalnorsk, som Ivar Aasen, har ofte vore omtala som «dei nasjonale», medan dei som er meir opptekne av klassestrid og slikt, har vore kalla «dei sosiale». Det er greitt nok, men litt misvisande, for ofte finn me både sosiale og nasjonale motiv hjå ein og same målaktivist, som hjå Aasen og Fjørtoft. Både Aasen og Fjørtoft meinte at landsmålet var det rette nasjonalmålet i Noreg, og både Aasen og Fjørtoft meinte at landsmålet var til gagn for folk.

Språkvitar og tidlegare mållagsleiar Kristian Ihle Hanto har elles vist korleis oppfatninga av det nasjonale heng i hop med språksynet til desse målmennene. (Sjå boka Ideologiar i norsk målreising frå 1986, som er ei av hovudkjeldene til dette føredraget.) Hjå Ivar Aasen er det nasjonale eller norske tufta på både historia og samtida. I skriftene sine vender Aasen stadig attende til «Fædrenemaalet», «Fædrenes Sæder», vår «herligste Fædrene-Arv» og så bortetter. Samanheng med fortida er såleis eit grunndrag i både nasjonssynet og språksynet hans.

Olaus Fjørtoft, derimot, definerte det nasjonale og norske ut frå samtida åleine. Som han sjølv sa: «Norsk e dæ som vert snakka i dag, og inkje Gamalnorsken, som vart skriven før fleire hundre Aar sidan.» Altså: «Norsk e dæ som vert snakka i dag.» Fjørtoft og meiningsfellane hans kunne dimed koma til den konklusjonen at landsmålet til Aasen ikkje var norsk eller nasjonalt nok, fordi det låg for fjernt frå det levande talemålet, slik dei såg det. I bladet Andvake, som vart redigert av Werner Werenskjold, kunne me i 1871 lesa at landsmålet til Ivar Aasen var «aristokratiskt og tyrraniskt og attaat unationalt». Det er adjektiv som dei like gjerne kunne ha nytta om det dansk-norske skriftmålet.

No har me sett at ein kan ha nasjonale og sosiale motiv for å driva med målarbeid. Ein kan meina at landsmål og nynorsk er det rette nasjonale eller norske språket, anten ein legg vekt på gamalnorsk eller ikkje, og ein kan meina at landsmål og nynorsk er det språket som gagnar eller frigjer folk mest, anten ein er tilhengjar av ortofon skrivemåte eller ikkje.

Desse to posisjonane går som to raude trådar gjennom målrørslesoga. I mellomkrigstida ser me til dømes at både Halvdan Koht og Gustav Indrebø grunngjev nynorsken nasjonalt og sosialt, men på ulike måtar.

Koht definerer det norske primært ut frå samtida; han vil ha klassestrid; han rangerer ikkje dialektane; han vil ha ein meir talemålsnær normal. Koht meiner såleis mykje av det same som Fjørtoft meinte, men på mindre anarkistisk vis.

Indrebø deler i stor grad Aasen sitt standpunkt. Indrebø definerer det nasjonale og norske primært ut frå fortida og samanhengen med gamalnorsk, kanskje i endå større grad enn Aasen gjorde. Indrebø meiner vidare at målsaka er ei reisings- og lyftingsmakt for bonde og arbeidar og fiskar, altså eit sosialt argument; han rangerer dialektane og held nokre for å vera norskare og dimed betre enn andre; han meiner at typeformprinsippet til Aasen – der éi skriftform representerer mange talemålsformer – er betre enn ortofone løysingar og fleirtalsprinsipp der utbreiinga av ei form tel meir enn system og etymologi. Det siste treng forresten ikkje ha noko med språkhistoria og kontinuitet å gjera: Ein kan meina at typeformprinsippet er best og mest demokratisk ut frå eit samtidig/synkront perspektiv.

Indrebø er dessutan ein av få som påpeikar at ei klasse kan reisa seg sosialt og vinna politisk og økonomisk makt utan at språket deira har noko med det å gjera. Han skriv at bøndene braut seg fram tidleg på 1800-talet med dansk mål, og at arbeidarane tidleg på 1900-talet betra den økonomiske og politiske situasjonen sin jamvel om arbeidarorganisasjonane i all hovudsak nytta dansk-norsk eller riksmål. Og då kan me jo spørja oss: Dersom me kan betra kåra våre økonomisk og politisk og kanskje til og med sosialt gjennom å bruka «feil» språk, kva slags frigjering kan det «rette» språket gjeva oss?

Vel, det må no vera ei frigjering av meir åndeleg eller psykologisk slag, at det å få bruka sitt eige mål – kva det no måtte vera – kan gjera folk tryggare på seg sjølve og fri dei frå skam og mindreverdskjensle. Og her vert det interessant, for Indrebø meiner at dette med sjølvhevding og sjølvrespekt er den mest fundamentale sida ved målreisinga. Det er primært difor me driv målsak, seier han, for å lyfta folket sjeleleg eller psykologisk (jf. stykket «Kvi er me målmenn?»). Men Indrebø tykkjer det er avgrensande å sjå på det som ei klassereising. Han meiner det er tale om ei folkereising, og han ser på det som ei nasjonal sak snarare enn ei sosial sak.

Denne indre, psykologiske reisinga hjå Indrebø heng saman med forståinga hans av det nasjonale. Han skriv at me ikkje kan få ei slik reising med eit dansk mål, me kan berre få det med eit i sanning norsk mål, for då kan me vita og kjenna at me har noko som er vårt eige, og me kjem til å koma betre i kontakt med vår eiga fortid, og det er viktig for eit folk, meiner Indrebø, det er «ei veldug styrkjing», som han skriv. Så til og med den psykologiske reisinga eller frigjeringa vert hjå Indrebø kopla til og grunngjeven ut frå historia og det nasjonale.

Men så finst det jo ein haug med målfolk som meiner at slik frigjering har lite eller inkje med det nasjonale å gjera. Desse målfolka er meir på line med Fjørtoft og Koht. Dei legg mest vekt på samtida, og dei er ikkje så opptekne av at skriftmålet skal vera «i sanning norsk», som Indrebø skreiv. Dei er rett og slett ikkje så interesserte i å fastsetja kor nasjonalt eller norsk målet er, og dei trur ikkje at den psykologiske reisinga føreset eit fullnorsk mål.

Og då er det duka for mange usemjer, naturleg nok. Då landsmøtet i Noregs Mållag i 1975 skulle drøfta framlegg til nytt prinsipprogram, var vektinga av nasjonale og sosiale argument eit av stridsemna. Nokre meinte at programutkastet la for mykje vekt på det historiske eller nasjonale og for lite vekt på klassereisinga eller det sosiale, andre meinte at dei to sidene hang uløyseleg saman. Dessutan var spørsmålet «nynorsk som einaste riksmål?» ein del av striden.

Løysinga då vart å finna ein mellomveg som alle kunne leva med, og slike mellomvegar krev at ein nyttar litt runde formuleringar og ikkje definerer for mykje. I føremålsparagrafen i prinsipprogrammet som vart vedteke i 1976 står det at «Noregs Mållag arbeider for at det norske folket skal frigjera seg språkleg», men det vert ikkje sagt eintydig kven dette norske folket er og kven det eventuelt ikkje er, og ein er varsam med å seia noko om kva slags utsjånad det frigjerande skriftmålet skal ha i framtida. Og det er no heilt greitt – eller rett og slett naudsynt. Samstundes veit me at slike runde, varsame formuleringar kan tolkast på ulike vis. Det ser me tydeleg i prinsipprogram-podkasten til mållaget: Magnus Bernhardsen og Marit Aakre Tennø viser der kor mykje rom for tolking det faktisk er i det gjeldande prinsipprogrammet og tidlegare program.

Så langt har eg tala mykje om nasjonal og sosial frigjering og eventuelle overlappingar mellom dei to sakene, men det finst eit viktig moment til her, som mellom anna er nemnt i det gjeldande prinsipprogrammet frå 1997: kulturell frigjering.

Interessa for folkeleg kultur og lokalt kulturarbeid har vel støtt vore stor i målrørsla, men dette aspektet har særleg vore viktig frå 1960-talet og frametter. Det heng saman med den moderne, internasjonale kulturindustrien og påverknaden han har på den meir heimlege kulturen og det heimlege målet. I 1963 gav Sigmund Skard ut ei heil bok om saka, Målstrid og massekultur, og Berge Furre skreiv i 1966 at den kanskje viktigaste rolla til målrørsla var å vera «eit motstandsreir mot ei skremmande kulturutvikling, ein protest mot den totale kommersialisering».

Denne kulturelle sida av målstriden har nok vore mindre omstridd og mindre kløyvande enn den nasjonale og sosiale sida, jamvel om målfolk har vore usamde her òg. Nokre har meint at me bør få nynorsk inn i glansa vekeblad og så vidare, medan andre har meint at me gjer klokt i å halda oss unna.

Men lat oss no oppsummera denne historiske bolken. Folk har drive målsak av nasjonale, sosiale og kulturelle grunnar. Me kan òg nemna argumentet om at nynorsk er pedagogisk og psykologisk tenleg, jamvel om dette kanskje høyrer inn under det nasjonale eller sosiale, alt etter kven ein spør. Eg vil òg draga fram eit fint slagord frå 60-åra: «Målsak er mentalhygiene»

Men kvifor kjempar folk for nynorsk i dag? Kvifor er det viktig no, i 2019?

Nei, det er vel mange av dei same grunnane. Nokre meiner at nynorsk av historiske grunnar har rett til å eksistera og er verd å strida for, og nokre kan kjenna på den same indre reisinga som Indrebø tala om: at dei er del av noko større, og at dei – gjennom språket – er bundne saman med folk i mange generasjonar attover. Nokre tykkjer at sjølve ideen bak nynorsken er djerv, demokratisk, inkluderande og difor svært tiltalande: Dei tykkjer at målreisinga er eit sympatisk, rettvist eller beint fram frigjerande prosjekt, og dei ynskjer å frigjera seg sjølv og/eller andre frå det dei oppfattar som undertrykkjande strukturar.

Nokre er opptekne av målsak fordi ser på nynorsken som ein del av identiteten sin og gjerne vil ha høve til å uttrykkja han fritt, andre er tilhengjarar av språkleg mangfald og vil arbeida imot språkleg einsretting. Nokre vil alt på ein gong  – og nokre har andre grunnar til å skriva og kjempa for nynorsk.

Merksemda om identitet og mangfald er noko som særleg har kome dei siste tiåra, men etter mi meining fører ikkje desse emna noko radikalt nytt med seg. Eg oppfattar dette med identitet og mangfald som utdjupingar og tillempingar av dei motiva eg alt har nemnt: det sosiale, nasjonale, psykologiske. Me kan rett nok seia at omgrepet «identitet» dreier merksemda bort frå det kollektive og meir over på det individuelle, men dette kan me eventuelt gå nærmare inn på i ordskiftet etterpå.

Konklusjonen min er i alle fall at nynorsk er viktig no av dei same grunnane som det var viktig før. Ja, samfunnet har endra seg, og ja, språkstoda har endra seg når det gjeld skrift og tale og språkteknologi og engelsk og så bortetter, men dei grunnleggjande kreftene som får folk til å kjempa for nynorsk og som får folk til å meina at nynorsk er viktig, dei kreftene er i stor grad dei same no som før – men dei er ikkje dei same hjå alle målfolk. Dette er kanskje ein keisam konklusjon, men som de veit: Stundom er sjølve reisa viktigare enn målet for reisa. Og eg trur ikkje at konklusjonen er heilt på jordet heller.

Meiner eg då at prinsipprogrammet aldri kjem til å verta utdatert? Og meiner eg at dei setningane som dreiar seg om føremålet og grunnlaget for målstriden, som er det eg har lagt vekt på her, er perfekte? Njæ, men dei er heilt greie. Dei kan fungera heilt fint i mange år frametter, men det vil vera bra for organisasjonen å sjå på programmet og diskutera det, slik me har høve til denne laurdagen her.

Eg har prata lenge no, og eg skal som avrunding peika på nokre konkrete punkt i det gjeldande programmet frå 1997 som eg meiner er interessante eller problematiske.

Det er spesielt dei bolkane som har med talemål å gjera, som fangar interessa mi. Sjå til dømes på den aller fyrste setninga: «Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunne nytte dialekten sin[.]» Kva meiner me med ordet dialekt her – og med ordet fritt? Vil me at alle fritt skal snakka bokmålsnært? Dersom me vil at alle skal snakka dialekten sin heilt fritt, korleis skal me då forsvara at me vil verja og revitalisera halling og valdresmål, til dømes? Skal me gripa til mangfaldsargumentet: at me vil motverka utflating og einsretting? Eller skal me seia rett ut at dei tradisjonelle dialektane er betre eller meir rettkomne enn det bokmålsnære talemålet?

Og kva med den siste setninga under «Talemål»: «Normert nynorsk tale kan vere eit viktig ryggstø både for skriftspråket og for målføra.» Det er opplagt at normert tale kan vera eit ryggstø for skriftspråket og motsett, for den same norma regulerer båe. Men korleis kan normert tale vera eit ryggstø for målføra? Er det ordtilfanget eller formverket eller båe som vert støtta?

Eg høyrer gjerne kva møtelyden meiner om desse sakene.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no