Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafetten 2019

 (25.10.2019)

Gjennom 15 dagar besøkjer Nynorskstafett-bilen 15 kommunar. Det blir mange korte og lange møte, og mykje prat om nynorsken.

Det er sjuande gong vi reiser ut på Nynorskstafetten. I løpet av tre veker treffer vi 12 lokallag, om lag 40 skular, over 20 barnehagar og 13 ordførarar eller varaordførarar på Nordvestlandet.

– Det er veldig kjekt å reise på nynorskstafett, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Fyrste veka har han og stafettlaget vore i Rauma, Nesset, Gjemnes, Molde og Aukra.

I fleire av desse kommunane er det delt i skulen mellom nynorskelevar og bokmålselevar.
– Då er det ekstra viktig at vi kjem for å minne dei på kor mykje godt arbeid kommunen kan gjere for nynorsken, seier Magne Aasbrenn.

I tillegg til han sjølv har Ingar Arnøy, Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom, og Marit Aakre Tennø vore med på bilen. 

Støtte frå Bokåret 2019
Nytt i år er at Noregs Mållag har fått støtte frå Bokåret 2019 og difor har Mållaget invitert med seg forfattar Atle C. Berge på den fyrste veka.

Han har hatt hektiske dagar med svært mange oppdrag i klasserom på barneskulen. Atle C. Berge skriv både for barn, unge og vaksne. Han har skrive fleire bøker i lettles-serien "Leseland" til Samlaget. 

Slik ser heile reiselista ut:

Veke 43
21.10    Rauma, Rauma Mållag
22.10    Nesset,
23.10    Gjemnes, Gjemnes Mållag
24.10    Molde / Midsund, Molde Mållag
25.10    Aukra

Veke 44
28.10    Vestnes, Vestnes Mållag
29.10    Fræna, Hustadvika Mållag
30.10    Skodje, Skodje og Ørskog Mållag
31.10    Ørskog, Skodje og Ørskog Mållag
01.11    Norddal, Norddal Mållag

Veke 45
04.11    Giske, Giske Mållag
05.11    Haram, Haram Mållag
06.11    Ålesund, Borgund Mållag 
07.11    Sula, Sula Mållag
08.11    Vågsøy, Ytre Nordfjord Mållag

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no