Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Noregs Mållag:

– Ei offensiv, men ufullstendig språklov

 (13.11.2019)

Mållaget meiner det framleis må vere krav til statstilsette å meistre både bokmål og nynorsk, i høyringsfråsegna til ny språklov.

Denne veka går fristen ut for å levere høyringssvar om den nye språklova. Noregs Mållag har levert si tilbakemelding.

Mållaget er sterkt kritisk til framlegget om at tilsette i staten ikkje lenger skal kunne skrive både nynorsk og bokmål, som i realiteten er å opne for at tilsette ikkje skal kunne nynorsk.

– Å gå bort frå kravet er å gjere det minst brukte språket mindre viktig og å setje norskopplæringa i skulen i unødig spel, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Regjeringa seier i lovframlegget at dei vil styrkje det minst brukte språket. Vegen mot det målet hadde vore langt enklare dersom ein ikkje først då svekkjer språket i offentleg forvaltning. Mållaget vil halde på kravet om å meistre bokmål og nynorsk, og heller gje statlege organ høve til å frita enkeltmedarbeidarar frå det kravet når særlege grunnar tilseier det.

– Dersom staten som ein av dei største arbeidsgjevarane i landet slår fast at nynorsk er unødvendig kompetanse for kvar og ein, er det grunn til å tru at språksynet over litt tid «smittar» til andre bransjar, påpeikar Magne Aasbrenn.

Det mest spenstige og offensive tiltaket er at fylkeskommunane skal følgje dei same språkreglane som staten.
– Her har regjeringa tenkt heilt nytt og laga ei ordning som sikrar områda med nynorsk betre, sjølv i nye regionar der nynorskbrukarane hamnar i store mindretal, seier Magne Aasbrenn.
Framlegget er likevel ufullstendig på visse punkt: Nynorskbrukarane i Hallingdal ser ut til å vere gløymde i punkta om storfylket Viken. Her må det endring til, skal ein følgje hovudintensjonen i lova.
– Dessutan bør ei ny språklov ha høve til sanksjonar, seier Magne Aasbrenn. Noreg har hatt ei mållov sidan 1930 og har til gode nokosinne å vere i nærleiken av å oppfylle krava lova stiller.

– Framlegget frå Mållaget er at statsetaten får bot med ein tidsfrist for å rette på feilen, der feilrettingar i rett tid gjer at bota blir stroken, slår Magne Aasbrenn fast. 

– Den nye språklova gjer det tydeleg at det offentlege har ansvar for språka i Noreg, og pålegg dei offentlege organa faktisk å fremje nynorsk. Det er veldig viktig, seier Magne Aasbrenn.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no