Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JANUAR 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris 2019 til Grindal Ysteri

 (17.12.2019)

– Kortreist, lokalprodusert mat er i medvinden, og svært mange av dei som produserer slik mat, ser styrken i å gjere marknadsføringa på nynorsk. Grindal Ysteri er ein super representant for desse bedriftene, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Han seier det er stas å få dele ut prisen til ei relativt nystarta bedrift utanfor det nynorske kjerneområdet.

Det er søstrene Turid og Ragnhild Nordbø som driv ysteriet, og dei har kvar sin gard med mjølkegeiter og kyr som leverer råvarer. Det var høgtidleg utdeling av prisen i dag på julemarknaden på Fannremgarden i Orkdal.
– Dette er ei moderne bedrift som er tufta på mykje tradisjon og berekraft. Det er godt å sjå at søstrene er opptatte av reine råvarer og tradisjonelt handverk, og at nynorsken vert ein naturleg del av dette, seier Magne Aabrenn.

Ysteriet produserer ni ostar som er i sal i heile Noreg, i ulike spesialbutikkar og delikatessebutikkar. Nynorsk næringslivspris får dei fordi dei brukar nynorsk i blestinga av firmaet, både i produktnamn, i produktskildringane på pakningane, på heimeside og sosiale media. 

Nynorsk næringslivspris er ikkje den einaste heideren Grindal Ysteri har fått i det siste. I oste-VM i Bergen i 2018 vann dei gull for osten Råblå og bronse for ostane Myrull og Askeladd. Dei har fått fleire prisar for utstillingsbodane sine på ulike matfestivalar og jobbskaparprisen frå Rennebu kommune i år. Denne bedrifta leverer kvalitet i alle ledd, også språkleg, og det er noko Noregs Mållag set stor pris på.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no