Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 3. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Om NOU 2019: 23

Ny opplæringslov

 (19.12.2019)

Fredag 13. desember leverte førsteamanuensis Jon Christian Fløysvik Nordrum opplæringslovutvalet sin NOU til statråd Jan Tore Sanner.

Utvalet vart sett ned av regjeringa i 2017 og har hatt til oppgåve å sjå på opplæringslova for grunnskulen og for vidaregåande utdanning.

Noregs Mållag meiner at utvalet ikkje innser at opplæringslova er ei heil sentral språklov. Under eit halvt år etter at regjeringa sende framlegg til ny språklov på høyring som i større grad slår fast det offentlege sitt ansvar for språkpolitikken og det særlege ansvaret staten har for å fremje det mindre brukte språket, så kjem det framlegg til ei lov som ikkje tek noko av dette inn over seg.  

Det er heller ikkje utgreidd språkpolitiske konsekvensar av nokon av framlegga til endringar av språkrettane til norske elevar. Dette er beint fram slett arbeid, og ikkje i tråd med regjeringa sin politikk.

1. Framleis ikkje språkdelt ungdomskule
I 2016 bad fleirtalet på stortinget om ei utgreiing om retten til å gå i eigen nynorskklasse og på ungdomsskulen. Sidan har regjeringa trenert saka, seinast i statsbudsjettet for 2020 med tilvising til denne NOU-en. Når utvalet no lèt vere å ta stilling til spørsmålet, og heller sender det attende til politikarane med tilvising til at det lyt vere eit politisk spørsmål, må det vere slutt på runddansen. No må Sanner ta grep.

2. Digitale læremiddel
Ei samla målrørsle, saman med Språkrådet, har alle spelt inn ei stor uro over den digitale kvardagen på skulen. Nynorskelevane er i stor grad overlatne til digitale læremiddel som berre finst på bokmål. Opplæringslovutvalet behandlar heile problemstillinga med harelabb, og ser ikkje i det heile ut til å ha teke henne inn over seg. Utvalet skriv at dei meiner dagens paragrafar synest dekkjande, trass i at undersøkingar syner at det ikkje stemmer. Utvalet vil heller ikkje innlemme dei viktige kontorstøtteprogramma i parallellitetskravet.:

Utvalget støtter ikke forslaget og mener at for eksempel læringsverktøy som tekstbehandlingsprogrammer og andre kontorstøtteprogrammer ikke bør omfattes av kravet. Utvalget er ikke kjent med hvilke konsekvenser et slikt krav vil kunne få, men antar at dette vil kunne innebære en del praktiske utfordringer der kommunen ønsker å bruke mest mulig like kontorstøtteprogrammer i hele virksomheten.

Lova tek i det heile ingen nye grep for å sikre nynorskelevane digitale læremiddel i skulen på nynorsk. Utvalet gjer ingenting for å sikre korkje norsk språk eller nynorsk særskilt i den nye digitale røyndomen til norske elevar. Slik gjev dei dei store multinasjonale selskapa makt over norsk språkutvikling.

Særskilt utsette er elevar som blir utstyrte med digitale hjelpemiddel utan nynorsk. Veldig mange skular har til dømes innført Google Chromebook. Der er det ikkje nynorsk ordliste til skriveprogram, og alt no ser lærarane at resultata blir dårlegare. 

Det finst inga utgreiing eller refleksjon over dei språkpolitiske konsekvensane av dei innstillingane utvalet gjer.

3. Skulemålsrøystingar
Utvalet gjer framlegg om å fjerne retten til rådgjevande røystingar om skulemål i skulekrinsen. Dette er ein rett som historisk har vore heilt avgjerande for omfanget av nynorsk skulemål. Heilt fram til andre verdskrigen breidde nynorsken om seg gjennom slike røystingar. I dag fungerer dei berre som forsøk på å vippe nynorsken ut av skulekrinsane. Likevel kan dei fungere som ein brems i systemet, både gjennom å høyre innbyggjarane si meining og ved at skulemålet ikkje kan endrast i ei handvending. Fjernar ein den lovpålagde plikta til slike røystingar, vil avgjerda ligge hjå kommunestyret åleine. Det er svært uklart kva utslag det vil gje, og det utvalet kjem ikkje med nokon vurderingar av konsekvensane. Slik gjer utvalet ei stor og avgjerande endring i dei prinsipielle språkrettane heilt utan å utgreie fordelar og ulemper med ordninga. Dette er stikk i strid med framlegget til ny språklov som regjeringa kom med i august.

Den einaste grunngjevinga frå utvalet si side er:  

Utvalget er enig i forslaget fra KS, og viser til at dette er et eksempel på en særregulering som bør unngås. Et av formålene med kommuneloven er å legge til rette for aktiv innbyggerdeltakelse, jf. § 1-1 første avsnitt. Når det skal velges hovedmål ved en skole, åpner kapittel 12 i kommuneloven for innbyggerdeltakelse i form av både innbyggerforslag og i form av folkeavstemninger

Ein stor og viktig språkrett vert såleis fjerna av lovtekniske omsyn. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no