Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JANUAR 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høgste medlemstal på 30 år!

 (02.01.2020)

Noregs Mållag har over 13 500 medlemer. Det er medlemsrekord og høgste medlemstalet sidan 1989!

Me tel gjennom innbetalingar frå dagane før jul og i romjula, og reknar med at medlemstalet vil krype endå litt meir oppover. 

I 2018 hadde me 13 050 betalande medlemer og i år har me fått over 1000 ny medlemer. 
– Me vil takke alle gamle medlemer og ynskje dei over 1000 nye velkomne til oss! I møte med styresmaktene er det viktigare enn på lenge å vise kor mange me er. Saman skal vi få til bra ting for nynorsken!

I 2019 har me sett ting gå både rett og feil veg for nynorsken. Læreplanen enda opp med lågare læringskrav til skriftleg sidemål, men samstundes med tidlegare start. Talet på nynorskelevar gjekk diverre ned med 892, til 75 245, medan nynorsken blei sikra i fleire kommunesamanslåingar, ikkje minst i Ålesund.

I 2020 kjem det fleire saker som vil ha mykje å seie for framtida til nynorsken: framlegg til ny opplæringslov, ny språklov og ei eiga språkmelding. I arbeidet med desse sakene er det ekstra viktig å vise styresmaktene kor mange vi er.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no