Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. FEBRUAR 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållag i den nynorske randsona på Vestlandet

 (29.01.2020)

Skulemålsnemnda i Hordaland Mållag inviterer til seminar laurdag 22. februar i Bergen. Hovudemne er randsoneutfordringa for nynorsken. 

Målrørsla har ei stor randsoneutfordring og denne utfordringa er det heilt avgjerande at me i mållaga grip tak i, skriv skulemålsnemnda i Hordaland Mållag.

Om dette står det i arbeidsprogrammet til Noregs Mållag: "Dei nynorske randsonene er prega av stort språkskifte i ungdomsskulen eller i vidaregåande, alt etter når nynorskelevane hamnar i mindretal. Særleg kring vestlandsbyane er desse områda òg prega av eit stort innslag av bokmål i grunnskulen, grunna større og fleire bokmålsklassar på nynorskskular. Randsonene er sette saman av både nynorskkommunar og språknøytrale kommunar."

På seminaret vil hovudemne vere korleis få fleire foreldre til å velja nynorsk i desse områda og korleis skulen kan ta vare på nynorskelevane gjennom skulegangen.

Møtestaden er Fensal i Kong Oscarsgt 15 i 4. høgda. Seminaret varer frå klokka 11 til 15.

Program: 
Frå motivasjon til handling. Skulemålsarbeid i Rogaland ved Magne Wiggo Høyland, tidlegare leiar i Rogaland Mållag

Skulemålsarbeid i Tysvær ved Synnøve Bredal Bjelland, leiar i Tysvær Mållag

Om nynorsk identitetsbygging. Med utgangspunkt i Fjell-prosjektet «Stolt av eige språk» ved Endre Otto Brunstad, professor i nordisk fagdidaktikk/språk på Universitetet i Bergen

Nynorsk skulemål frå synsstaden til ein tenesteleiar for oppveks ved Olaf Hella, tenesteleiar for oppvekst i Alver kommune

Nordhordland som randsone – kva utfordringar har nynorsken? ved Johan Myking, tidlegare norskprofessor og leiar for Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium på Universitet i Bergen, styremedlem i Alversund Mållag 

OrdstyrarVigleik Brekke, informasjonsmedarbeidar i Øygarden kommune og engasjert i prosjektet «Stolt av eige språk» i Fjell kommune.

Noregs Mållag har løyvt 18 000 kroner til tilskipinga. Tilskotet går til å dekkja reise- og opphaldsutgifter for deltakarar frå Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Tilskotet per deltakar er på 1200 kroner Kjem det meir enn 15 deltakarar frå desse fylka, vert tilskotet for kvar deltakar redusert.

Invitasjonen går til Rogaland Mållag, Sola Mållag, Strand Mållag (Jørpeland/Tau/Bjørheimsbygd), Karmsund Mållag, Tysvær Mållag, Karmøy Dialekt- og Mållag, Sunnmøre Mållag, Ålesund/Borgund Mållag (Ålesund/Sula/Giske), Ytre Nordfjord Mållag, Flora Mållag, randsonemållaga i Hordaland og styret i Hordaland Mållag.

Påmeldingsfrist: Innan måndag 17. februar 2020. Påmelding til Knut O. Dale: knu-dale@online.no Telefon: 934 99 218

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no