Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Visit Norway - hugs at norsk også er nynorsk!

 (10.03.2020)

Visit Norway driv med marknadsføring av turist-Noreg for å få fleire til å leggje feriereisa til eige land, og kortreist ferie blir meir og meir populært.

Sidan Visit Norway er eigd av staten via Næringsdepartementet og Innovasjon Noreg bør vi kunne forvente at det vert reklamert både på bokmål og nynorsk. I dag brukar Visit Norway bokmål, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

I 2017 lova Visit Norway «å sjå på saka så snart som mogleg» om dei skulle ta i bruk nynorsk, utan at det har skjedd noko særleg.
Mitt inntrykk er at Visit Norway vil halde nynorsken på ei armlengds avstand, og at dei i praksis ser på «norsk» som eigentleg berre bokmål, seier Magne Aasbrenn.
Visit Norway tar ikkje omsyn til at mange av dei mest kjende reisemåla i landet ligg i nynorskområde, i Sognefjorden, Setesdal, Sunnmøre og Telemark.

– Visit Norway greier å gi informasjonen sin på 14 andre språk. Da burde det vere innanfor rekkevidde å bruke nynorsk også, seier Magne Aasbrenn.

På nettsidene presenterer dei stoffet sitt på britisk og amerikansk engelsk, dansk, fransk, tysk, italiensk, nederlandsk, kinesisk, polsk, brasiliansk portugisisk, spansk, russisk, japansk og svensk. 

Han legg til at Noregs Mållag vil legge dette fram for næringsminister Iselin Nybø om nynorsk-boikotten frå Visit Norway held fram.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no