Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Kringkastingsringen

 (13.03.2020)

Inger Johanne Ruset (34) frå Valldal i Møre og Romsdal er vald til ny leiar i Kringkastingsringen. Ho blir leiar samstundes som NRK for første gong har greidd kravet om 25 % prosent nynorsk, men meiner at mykje arbeid framleis står att.

– Det var imponerande at NRK faktisk greidde å koma seg over kravet, men på nettsidene er det framleis eit stykke att, seier Ruset.
– Samstundes ser eg at me som organisasjon ikkje berre kan konsentrera oss om NRK og TV2. Medielandskapet endrar seg. NRK lagar nettavis, og VG lagar fjernsyn. Difor håpar eg at me også kan spela ei rolle i å få meir nynorsk inn andre stadar enn berre i NRK. At årsmøtet gav meg tillit til å leia dette arbeidet, var stas.

Inger Johanne Ruset arbeider som politisk rådgjevar i Norges Ungdomslag. Ho var nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter, og arbeidde ei stund i NRK Møre og Romsdal. Ho har vore dagleg leiar for Ingebrigt Davik-huset i Haram.

Kringkastingsringen er ein ubunden medlemsorganisasjon som arbeider for at det er minst 25 % nynorsk i NRK og at det er mest mogleg nynorsk og dialekt i alle andre mediekanalar. Organisasjonen vart skipa i 1955, har om lag 700 medlemer og har kontor i Oslo.

Det nye styret: Inger Johanne Ruset (leiar), Ingjerd Lindeland, Sigrid Sofia Kleiva-Gramstad, Erik Grovassbakk, Hans-Olav Rise, Kari Nygard Tvilde og Mattias Rolighed Bergset. 
Varamedlemmar: Arne Henning Årskaug, Mone Celin Skrede, Vegard T. Foseide, Mona Vetrhus.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no