Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. APRIL 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Det blir ikkje landsmøte på Sola i april

 (18.03.2020)

Styret har drøfta situasjonen Noregs Mållag står i, med eit planlagt landsmøte med rundt 200 personar i april, opp mot dei noverande råda og forboda mot både reiser og å samla mange personar til møte.

Ingen kan seia sikkert akkurat no kva som er stoda i slutten av april, men styret har samrøystes, med tungt hjarte, landa på at Noregs Mållag ikkje kan avvikla landsmøtet som planlagt og at avgjerda måtte takast no, slik at organisasjonen kunne få den meldinga i god tid.

Styret har omframt møte i neste veke for å drøfta korleis vi best gjennomfører eit utsett landsmøte. Vi kjem attende med meir informasjon etter det møtet. Då får de også greie på korleis vi løyser det med attendebetalingar, i tråd med lovnaden vår om at ingen av laga skal lida økonomisk tap i denne situasjonen. Det er veldig fint om de ikkje sender e-post og spør om akkurat det dei næraste dagane. Vi bruker arbeidstida vår mest effektivt i denne omsnudde tida om vi får senda felles informasjon til alle på ein gong. Takk for tolmodet!

Merk:
Fylkeslaga fekk utsett frist for påmelding til landsmøtet til 3. april slik at dei kan greia å få gjennomført fylkesårsmøta sine elektronisk eller på telefon. Vi bed om at de sender påmelding innan den nye fristen, dersom de har planar om å delta på alternative landsmøteløysingar. For lokallaga har fristen gått ut, med mindre de har bede om utsett frist. Det vil vera den eksisterande påmeldinga som gjeld, også til ei utsett/alternativ gjennomføring.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no