Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 5. JUNI 2020 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Landsmøte 2020 Nytt prinsipprogram Oppdater! NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framlegg til nytt styre

 (03.04.2020)


Øvst frå venstre: Peder Lofnes Hauge, Synnøve Marie Sætre, Ellinor Bergli Bustad, Anders Riise, Inger Johanne Sæterbakk og Kjetil Aasen.

Valnemnda med valnemndsleiar Kirsti Lunde har klart eit framlegg til nytt styre i Noregs Mållag. Framlegg til ny leiar er Peder Lofnes Hauge (31) og ny nestleiar Synnøve Marie Sætre (29). 

leiar: Peder Lofnes Hauge, ny (tidl. styremedlem og nestleiar)
nestleiar: Synnøve Marie Sætre, ny
styremedlem: Inger Johanne Sæterbakk, attval
styremedlem: Anders Riise, attval
styremedlem: Kjetil Aasen,  ny
styremedlem: Ellinor Bergli Bustad, ny
styremedlem: Gunnhild Skjold, vald av landsmøtet i Norsk Målungdom

1. vara: Bjørn Seljebotn, ny
2. vara: Birgitta Lim Ersland, attval
3. vara: Reidun Ramse Sørensen, ny
4. vara: Øystein Skjæveland, ny

Meir om styrekandidatane: 

Leiar:
Peder Lofnes Hauge (f. 1989). Frå Gloppen, bur i Bergen. Hauge er utdanna grunnskulelærar, men har dei siste seks åra arbeidd som politisk rådgjevar for bystyregruppa i Bergen Venstre og som rådgjevar for sosialbyråd og seinare finansbyråd Erlend Horn (V). Peder Lofnes Hauge har sete i styret i Noregs Mållag sidan 2016 og vore nestleiar sidan 2018.

Nestleiar:
Synnøve Marie Sætre (f. 1990). Frå Ørsta. Sætre er lærar i norsk og historie ved Ulstein vidaregåande skule og har tidlegare arbeidd som formidlar i Aasentunet. Ho har brei røynsle frå målrørsla og har mellom anna vore leiar i Norsk Målungdom og sete i fagrådet for Nynorsksenteret. Sætre er vara for SV i kommunestyret i Ørsta.

Styremedlem:
Ellinor Bergli Bustad (f. 1970). Frå Viggja. Bustad arbeider som lærar ved Skaun ungdomsskole. Ho er lektor med tilleggsutdanning og har master i kunstkritikk og kulturformidling. Bustad har hatt fleire verv i målrørsla og representerer SV i kommunestyret og formannskapet i Skaun. 

Styremedlem:
Anders Riise (f. 1969). Frå Hareid. Riise er gruppeleiar for Høgre i fylkestinget i Møre og Romsdal, vara til Stortinget og har tidlegare vore ordførar i Hareid frå 2011-2019. Han er utdanna paramedic og har vore dagleg leiar for ambulansetenesta. Riise har sete som vara i styret i Noregs Mållag sidan 2018.

Styremedlem:
Inger Johanne Sæterbakk (f. 1981). Frå Orkdal, bur i Oslo. Sæterbakk arbeider som språkkonsulent på Det Norske Teatret og har tidlegare vore journalist og kommuniksjonsrådgjevar i fleire år. Ho har brei organisasjonserfaring både i og utanfor målrørsla. Sæterbakk har sete i styret i Noregs Mållag sidan 2016.

Styremedlem:
Kjetil Aasen (f. 1978). Oppvaksen i Oslo og Fredrikstad, busett i Oslo. Aasen arbeider som protokollsekretær i Høgsterett. Han er utdanna jurist og språkvitar og har tidlegare arbeidd med språkrådgjeving og språkpolitiske saker i Språkrådet og Kulturdepartementet. Kjetil Aasen har hatt fleire tillitsverv i målrørsla.

1. vara:
Bjørn Seljebotn (f. 1952). Frå Stordal på Sunnmøre, bur i Bø i Telemark. Seljebotn er pensjonert lektor frå Bø vidaregåande skule, der han underviste i norsk, informatikk og religion. Han er gründar av firmaet Nynodata, som utviklar omsetjingsprogram og anna nynorskrelatert programvare for offentleg sektor. Bjørn Seljebotn har vore aktiv i lokallagsarbeid i målrørsla i mange år.

2. vara:
Birgitta Lim Ersland (f. 1989). Frå Bergen, busett i Oslo. Ersland arbeider som kommunikasjonsrådgjevar i Oslo Taxi. Ho er utdanna historikar og statsvitar og har tidlegare arbeidd på Republikken Koreas ambassade i Oslo. Birgitta Lim Ersland har hatt fleire verv i målrørsla, mellom anna som sentralstyremedlem i Norsk Målungdom, og har sete som vara i styret i Noregs Mållag sidan 2016.

3. vara
Reidun Ramse Sørensen (f. 1952). Frå Åmli, bur på Gran på Hadeland. Sørensen har mellom anna arbeidd med utvikling av innfordringssystemet for pengekrav i Skatteetaten. Med få unntak har ho leia Hadeland dialekt- og mållag sidan 2003. Sørensen er vara til fylkestinget for Arbeidarpartiet.

4. vara:
Øystein Skjæveland (f. 1968). Frå Stord, bur i Kvinnherad. Skjæveland driv ein liten gard med iskremproduksjon. Han er utdanna journalist og naturvitar og har tidlegare arbeidd som skribent og redaktør. Øystein Skjæveland har hatt fleire verv i målrørsla gjennom mange år og sit mellom anna i juryen for Nynorsk næringslivspris.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2020
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no