Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålsundervisninga må starta i barneskulen

 (01.12.2005)

Melding. 01.12.05. – Det skal eigenleg ikkje mykje til for å gjera nynorsk meir naturleg og vanleg. Det spørst på haldningane våre, det er dei som avgjer. Målstoda i Noreg er ein ressurs, ikkje eit problem, seier Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet.

– Det er forvitneleg å sjå korleis frontane i ordskiftet om nynorsk snøgt låser seg fast, seier Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet og dermed overordna ansvarleg for mellom anna utvikling av undervisninga i skulen. Meir enn å røkja etter nye vegar for å gjera nynorsken meir tilgjengeleg og vanleg, tykkjest det for meg som om historiske utgangspunkt pregar ordskiftet.

– Korleis?
– Vel, eg har lese ordskiftet kring «Brennbart» av Kjartan Fløgstad og artiklane til Finn-Erik Vinje. Det kan rett nok vera interessant å sjå kva rolle språkstriden og målordskiftet har hatt, men for meg er det viktigaste at me har to skriftmål, og desse skal alle læra og få sjansen til å bruka. Styresmaktene slo i 1998 fast at den tidlegare politikken om å «smelta dei to skriftmåla saman til eitt», er over. Det som trengst no er pønsking og utvikling av metodar for å gjera det lettare å læra og bruka nynorsk, for skuleelevar som for andre.

Haldningar og dugleik
– Det slo meg ein dag at synsmåtane om den tospråklege stoda vår byggjer på haldningar, ikkje på faktiske tilhøve. Eg har ein son som går på skulen, men som ikkje har byrja med nynorskundervisning enno. Her om dagen hadde han sett eit fjernsynsprogram som var teksta på norsk – eg spurde honom om kva språk programmet var teksta på? «Eg hugsar ikkje», svara han. Programmet var teksta på nynorsk. Det er med andre ord konvensjonar og haldningar det spørst om, så vel utanfor som i skulen.

– Korleis kan me påverka konvensjonane og haldningane?
– Her kjem dei verkeleg spanande spørsmåla, seier ein ivrig Skarheim. Det er slege fast at vaksne nordmenn les bokmål og nynorsk like godt. Det er altså ingenting i vegen med dugleiken i nynorsk. Altså må det vera noko utanfor språket som fører til standpunkta våre til mellom anna nynorskundervisninga i skulen; haldningane!

– Men det er jo ei kjensgjerning at svært mange elevar med bokmål som hovudmål ikkje meistrar nynorsk nemnande bra?
– Jo, men det er sjølvsagt eit spørsmål om undervisninga og haldningane til nynorsk. Idealet må vera at alle skal meistra bokmål og nynorsk like godt etter at dei er ferdige på ungdomsskulen. Fyrst då vil dei ha eit reelt val om kva skriftspråk dei vil skriva! Det føreset igjen både endringar og nyutvikling av nynorskundervisninga.

Må byrja tidlegare med nynorsk!
– Ein god del nynorskelevar byter til bokmål når dei kjem på ungdomsskule eller vgs. Dei er i praksis tospråklege og kan velja. Det valeth ar eigenleg ikkje elevar som er vaksne opp med bokmål?
– Nei, og her er me ved kjernen: Det er ingen grunn til at elevane ikkje skal møta nynorsken mykje tidlegare enn halvvegs ut i ungdomsskulen. Born manglar alle fordomar og meiningar om språk som me vaksne har, og born er utruleg nyfikne på språk og språklæring. Eg synest elevane godt kan ta til med å lesa nynorsk alt på mellomsteget – kva tid dei kan ta til med å skriva nynorsk vil eg ikkje uttala meg skråsikkert om, men det vil neppe vera til meins for elevane om dei starta tidlegare enn det som er vanleg. Så vel gamal som ny læreplan opnar for dette, og det er ingen grunn til å halda fast einast med tradisjonell sidemålsundervisning siste halvtanna året på ungdomsskulen.

«Forum for nynorsk i skolen»
I tråd med det tvillaust ekte ynsket om å styrkja nynorsken i skulen, har Petter Skarheim sett ned eit forum kalla «Forum for nynorsk i skolen».
– Det trengst ein ny giv i nynorskopplæringa. Trass i tiår med kritikk mot sjølve undervisninga og påtvinga nynorskopplæring, har det vore lite tildriv for å gjera noko med nynorskundervisninga. Her er den såkalla Åndalsnesmodellen eit fint føredøme for skulen: Ved å la elevane møta nynorsken utanfor norskfaget vert nynorsken internalisert som ein vanleg del av språkkvardagen deira. Kanhenda skal det ikkje meir til får å endra dei mest negative haldningane; at elevane brukar nynorsk meir.
– Målet med forumet er å få ny vitalitet og logikk inn i feltet. Til dømes tykkjer eg kampanjen «Slepp nynorsken til» er eit framifrå døme på dette. Meir av dette, seier Skarheim.

Meir nynorsk = auka status
– I arbeidet mitt ved direktoratet opplever eg sumtid at lærarar og skular har haldningar til nynorsk eg ikkje trudde fanst. Det same gjeld for nokre kommunar med. Til dømes synest eg kommunane bør visa støre vyrdnad for nynorskelevane – det finst døme der nynorskelevar meir har vorte sedde på som eit problem enn ein ressurs. Sameleis veit me at det finst tilsette i offentlege stillingar som ikkje meistrar båe skriftmåla godt nok. Då er det ei oppgåve for arbeidsgjevarane å gje desse den opplæringa som trengst – det gjer ein jo dersom det gjeld oppgradering av andre kunnskapar enn skriftleg norsk!

– Kan haldningane til nynorsk ha ein samanheng med statusen til nynorsk i samfunnet?
– Absolutt! Når kommunar handsamar nynorskelevar det eg vil kalla lemfeldig, heng det sjølvsagt saman med statusen til nynorsk i samfunnet. Men igjen, eg trur det skal lite til for å endra på dette, til dømes ved at me slepp nynorsken meir og tidlegare til i skulen, seier direktør Petter Skarheim.




Ingar Arnøy
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no