Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Godt nytt for nynorsken!

 (30.11.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 10.11.05. Kulturminister Trond Giske og regjeringa har styrkt nynorsken på fleire viktige felt. Det Norske Samlaget har endeleg fått startskotet for nynorsk kunnskapsbase på nettet, med 1.5 millionar kroner. Det Norske Teatret har også fått 1,5 millionar i investeringstilskot, og Noregs Mållag har fått 500 000 kroner i høve 100-årsjubileet i 2006.

– Dette er godt nytt for alle nynorskbrukarar, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag. Vi var trygge på at den nye regjeringa var nynorskvenleg, men er likevel positivt overraska over at dei leverer så gode resultat tre veker etter at dei gjekk på.

– Å få på plass eit nynorsk nettleksikon er eit veldig viktig lyft. Det har lenge vore etterlyst tiltak som kan bremse lekkasjen av elevar med nynorsk hovudmål som går over til bokmål. Alle tiltak for å styrkje tilgangen til nynorsk tekst, er viktige i eit slikt perspektiv, seier Gro Morken Endresen.

Ekstraløyvinga til Mållaget vil bli godt brukt, mellom anna til ein nasjonal kulturdugnad i heile organisasjonen. Det blir store arrangement, vandreutstilling, språktevlingar og flotte konferansar. Dessutan vil Mållaget nytte høvet til å lage ein skikkeleg fest for målsak i hundre år!

For meir informasjon:
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 95 78 55 60 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no