Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ja til morsmålsopplæring!

 (29.11.2005)

Lesarbrev frå Norsk Målungdom, 29.11.05: Landsstyret i Norsk Målungdom meiner at morsmålsopplæring for framandspråklege framleis må vera eit offentleg ansvar.

Språkrådet har i den nye innstillinga si, «Norsk i hundre! – Strategiar for vern om norsk i globaliseringa si tid», definert retten til morsmål som grunnleggjande saman med retten til nasjonalspråk og retten til framandspråk. Norsk Målungdom er glade for at Språkrådet slår dette tydeleg fast.

God opplæring i morsmålet gjer det lettare for framandspråklege å læra norsk, og er difor er ein føresetnad for å få til ei vellukka integrering. Å meistra morsmålet er òg viktig for den intellektuelle utviklinga, og morsmålsopplæring er såleis naudsynt for å sikra like utdanningsvilkår.

Me meiner at innvandrarar har rett til å verna om og vidareutvikla eigne tradisjonar, samstundes som dei deltek i det norske samfunnet. Kjennskap til fleire språk er ein styrke, ikkje ein veikskap!

Synnøve Midtbø Myking, leiar i Norsk Målungdom

Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no