Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Blix-prisen 2005 til Tove Myhre

 (28.11.2005)

Melding. 28.11.05. Tove Myhre bur i Tromsø, der ho arbeider som kulturjournalist i avisa Nordlys. Ho er fødd i 1964, debuterte som forfattar i 2004 med diktsamlinga Strupesong på Det Norske Samlaget.

Juryen grunngir tildelinga av prisen slik:

Tove Myhre sine dikt er prega av stor tematisk breidd og sterk konsentrasjon i uttrykket og formidlar ofte innsikter som ikkje kunne formidlast i ei anna form. Dikta inneheld mange presise bilete og originale formuleringar som viser ein sprelsk fantasi og stor evne til å formulere seg knapt og fortetta. Konsentrasjonen i det poetiske uttrykket og evna til å heve trivielle situasjonar opp på eit allmenngyldig plan gjer henne til ein verdig prisvinnar.

Minneprisen etter Emma og Elias Blix blir kvart år gitt til ein nordnorsk forfattar som skriv nynorsk eller nordnorsk dialekt. Prisen blir delt ut av litteraturselskapet Det Norske Samlaget, og statuttane seier at det skal leggjast vekt på å heidre yngre forfattarar og forfattarar som skriv for ungdom.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no