Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Monica Mæland og Herman Friele!

 (08.11.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 08.11.05. Bergen bystyre har handsama ein intepellasjon for bruk av meir nynorsk i Bergen kommune og Bergen by. Noregs Mållag har difor gjeve målblome til ordførar Herman Friele og byrådsleiar Monica Mæland.

– Ein stor bykommune som Bergen gjev eit viktig signal til sitt eige omland og til resten av landet når ein vel å satse meir medvite på å syne att som ein by for både nynorsk- og bokmålsbrukarar. Det trur vi både Bergen kommune og nynorsken vil tene på, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag gratulerer med ei god og imøtekomande handsaming av spørsmålet om meir nynorsk i Bergen kommune.

– Nynorskbruk skulle ha vore sjølvsagt på alle samfunnsområde i Noreg. Slik er det likevel ikkje og Bergen kommune er no med på å setje ein standard som vonleg kan stå som eit føredøme for mange andre store verksemder ålment og for andre nøytrale kommunar spesielt, seier Gro Morken Endresen. Det var byrådsleiar Monica Mæland og varaordførar Kristian Helland som var tilstades og tok imot Målblome frå Mållaget.

For meir informasjon: Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no