Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Debatt: Sex og singelliv på nynorsk

 (07.11.2005)

Melding. 07.11.05. Er det rett av nynorskfolk å krevja meir nynorsk i media, og i so fall, korleis bør det skje? Og vil slaget vera tapt for nynorsken viss det fortset som i dag? Eva Marie Mathisen, leiar i Studentmållaget i Oslo, inviterer til debatt!

Nynorsken vert sensurert vekk frå store delar av media. VG og Dagbladet har forbod mot nynorsk på redaksjonell plass og NRK oppfyller ikkje kravet om 25 % nynorsk.

Kva følgjer har det for nynorsken at språket er so lite synleg i media? Kva for haldningar til nynorsk vert skapte av media? Kvifor er det slik at ein viser "Med hjarte på rette staden" på nynorsk, men ikkje "Sex og singelliv"?

Studentmållaget i Oslo inviterer til debatt!

Tid og stad:
Onsdag 9. november kl. 19.00 på Betong, Chateau Neuf. Fri inngang.

I panelet:
Tove Lie, sjefsredaktør i Nationen
Pernille Huseby, politisk kommentator i VG
Yngve Benestad Hågvar, høgskulelektor ved journalistutdanninga, HiO
Marit Aakre Tennø, dagleg leiar i Kringkastingsringen

Vel møtt!









Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no