Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stolte dialektbrukarar

 (28.10.2005)

Melding. 28.10.05. – Då eg var liten, vart eg beden om å snakke ”fint”, sa Are Sende Osen. Målungdomsleiar Synnøve Midtbø Myking er glad han ikkje følgde oppmodinga. I dag fekk han og Odin Jensenius dialektprisen til Norsk Målungdom.

Mange hadde møtt opp for å sjå den populære radio-duoen ta i mot prisen i BUL-salen i Oslo. Og med pensjonistar, ungdomar og forskremte pressefolk om kvarandre, kunne dei lukkelege prisvinnarane entre lokalet – litt for seint, som det høver seg ekte prisvinnarar.

– Ikkje alle forstår kor dialekten min kjem frå, sa Odin, og la ut ei lengre utgreiing om emnet. Emigrasjon frå Sør- til Nord-Trøndelag, ei palatalisering som vart med på ferda og nokre sauar var mellom ingrediensane. Are var òg stolt av prisen, og båe to er opptekne av ikkje å knota.

Leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Midtbø Myking, la i prisgrunngjevinga vekt på at ungdom treng gode dialektførebilete.
– For 50 år sidan ville det vore utenkjeleg å snakka dialekt på radio. I dag er det mange som gjer det, men ungdom treng framleis å verta minna på at det er naturleg å snakke sitt eige mål, sa Synnøve Midtbø Myking.

– No skal me vidare til ”Radiodagar 2005”, kor me er nominerte til årets programleiarar og årets radionamn. Dimed vonar me at denne prisen berre er starten på ein uforgløymeleg kveld!, smilte trønderane, som er i sin siste sesong med programmet Are og Odin.

Bilete: Frå venstre: Are Sende Osen, Synnøve Midtbø Myking, Margit Ims og Odin. (Foto: Jens Kihl)

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no