Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Offensiv språkstrategi frå Språkrådet

 (27.10.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 27.10.05. Språkrådet presenterte i dag "Strategiar for vern om norsk i globaliseringa si tid". Mållaget helsar dette initativet velkomen!

Noregs Mållag gler seg over at det i utgreiinga kjem utfall mot viktige private språkpolitiske aktørar.

”Mange er enig i at nynorsken er et verdifullt innslag i det norske samfunnet som både beriker vår kultur og bidrar til dens særpreg. I så fall er det kulturelt og etisk forkastelig å bidra til at nynorsken stenges ute fra nasjonale arenaer der både bokmål - og nynorskbrukere deltar, slik for eksempel avisredaktører og filminportører i dag gjør.”

– Det er godt nytt at også Språkrådet gjev styrke til kampen mot nynorskforbod i viktige nasjonale media, i tråd med kampanjen til Noregs Mållag mot språkpolitikken i Dagbladet og VG i år, seier Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag.

I utgreiinga vert det lagt fram tolv avgjerande tiltak for den framtidige språkpolitikken i Noreg. Dei første to tiltaka peikar på at: ”Språkpolitikk må ikkje avgrensast til kulturpolitikk. Det må utformast ein samla språkpolitikk, behandla i Stortinget, som omfattar forholdet mellom norsk og engelsk, forholdet mellom nynorsk og bokmål, normering, minoritetsspråk og arbeidet med forståeleg språk i forvaltninga.”

– Om språkpolitikk vert løfta opp på regjeringsnivå gjennom ei stortingsmelding, føyer Noreg seg inn i rekka av europeiske land som har ein offensiv statleg språkpolitikk. Det er i så fall fantastisk flott, seier Gro Morken Endresen, som sjølv er tilstades på framlegginga frå Språkrådet.

Noregs Mållag tykkjer det er gledeleg at Språkrådet også utfordrar næringslivet til å ta eit samfunnsansvar når det gjeld språk. Dette er ei sak Mållaget meiner er svært viktig.

For fleire kommentarar:
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)

Hege Lothe, informasjonsmedarbeidar i Noregs Mållag, 578 56 360 eller 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no