Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norsk i Hundre! Tolv avgjerande tiltak

 (27.10.2005)

Melding. 27.10.05. Tilrådinga «Norsk i hundre!» innheld om lag 70 forslag. I samandraget blir det skissert tolv avgjerande tiltak.


Tolv avgjerande tiltak

1) Språkpolitikk må ikkje avgrensast til kulturpolitikk. Heile forvaltninga og samfunnet elles må trekkjast inn i språkpolitikken.

2) Det må utformast ein samla språkpolitikk, behandla i Stortinget, som omfattar forholdet mellom norsk og engelsk, forholdet mellom nynorsk og bokmål, normering, minoritetsspråk og arbeidet med forståeleg språk i forvaltninga.

3) Overordna språkpolitiske mål må leggjast til grunn i all politikkutforming.

4) Språkpolitikken må baserast på tre rettar: rett til nasjonalspråk, rett til morsmål og rett til framandspråk.

5) Formålet og verkeområdet til Språkrådet må slåast fast i lov. Ei av oppgåvene til Språkrådet må bli å føra tilsyn med at dei tre rettane blir respekterte, både i anna lovgjeving og i praktisk politikk.

6) Alle elevar må utan omsyn til morsmål få systematisk trening og rettleiing i å uttrykkja seg på norsk i alle fag, munnleg og skriftleg.

7) Medvitet til lærarane og elevane om norsk som kulturfag og som eit identitetsskapande og haldningsdannande fag må styrkjast. Det same gjeld bruk av norsk som ledd i å styrkja norsk fagspråk og fagkultur.

8) Det må takast inn i lov om universiteter og høyskoler at universitetssektoren har eit viktig ansvar for at norsk fagspråk blir utvikla og brukt innanfor alle fagmiljø, i tillegg til engelsk og eventuelt andre språk. Lova må krevja at institusjonane utarbeider språkstrategiar som mellom anna spesifiserer korleis ein skal nå målet.

9) Næringslivet må trekkjast med i arbeidet til Språkrådet, for å sikra at norsk også på dette området blir brukt i alle situasjonar der bruk av eit framandspråk ikkje er nødvendig av kommunikasjonsomsyn.

10) Handlingsplanen for norsk språk og IKT frå 2001 må følgjast opp.

11) Staten må bruka marknadsmakta si aktivt der det er mogleg, for å sikra at kommersiell programvare og andre språkbaserte produkt som blir brukte i det offentlege, blir gjevne ut i både bokmåls- og nynorskversjonar.

12) Språkrådet må gjerast til eit overordna, nasjonalt samordningsorgan med sterk kompetanse i fagspråk og terminologi og brei kontaktflate mot samfunnet, nasjonalt så vel som internasjonalt. Det må utviklast forpliktande samarbeidsformer for fagspråkleg kvalitetssikring mellom ulike fagdepartement, direktorat og andre offentlege instansar.

Les meir hjå <a href="http://www.sprakradet.no/templates/Page.aspx?id=7962">Språkrådet</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no