Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Det nye Språkrådet eller "Norsk i hundre"

 (27.10.2005)

Melding. 27.10.05. I dag legg det nye Språkrådet fram sin strategi for ein statleg språkpolitikk. På søndag 23. oktober 2005 var Jan Olav Fretland på haustseminaret til Noregs Mållag og held føredrag om dette emnet. Få gjerne med deg dette inspirerande føredraget.

Gledeleg inngang: Regjeringserklæringa

«Språk, litteratur og media
Norge er et lite språkområde, og det norske språket er under konstant press. Det er behov for en offensiv språkpolitikk, slik at norsk forblir det foretrukne språk i alle deler av norsk samfunnsliv. Skriftkulturen er bærebjelken i norsk samfunns- og kulturliv. Regjeringen vil peke på det verdifulle mangfoldet som ligger i det å ha to norske skriftkulturer. Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligere vilkår. Det er derfor særlig viktig å sikre nynorsken gode utviklingsmuligheter.”

Kven arbeider med språkpolitikk i staten nett no?

Interimstyret for Språkrådet
Leiar: Direktør ved Noregs musikkhøgskole Tove Kristin Karlsen
Redaktør og journalist Marit Eikemo, Syn og Segn og Bergens Tidende
Førsteamanuensis Jan Olav Fretland, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Administrerande direktør Tor Fuglevik, Norges Televisjon AS
Direktør Ola Haugen, J.W. Cappelens Forlag AS
Professor Øyvind Østerud, Institutt for statsvitskap, Universitetet i Oslo
Leiar Magni Øvrebotten, Nynorsk mediesenter

I strategigruppa sit
Gjert Kristoffersen, leiar
Helene Uri
Torlaug Løkensgard Hoel
Guri Hjeltnes
Kari Bjørke
Johanna Ferstad Økland
Jan Olav Fretland

Norsk politikk og språk, au …
> Nei til vedtak om norsk som undervisningsspråk i høgre utdanning
> Bachelor og master som grunnfjellet i norske utdanningar
> Ansvar for norsk språk i læreplanar lite synleg
> Holdninga til ansvaret for norsk fagterminologi i dei enkelte faga
> Nei til norsk språkbank
> Klarspråkspolitikken er ikkje meir, svært aktuell i nabolanda
> Lite om språk i partiprogram

Norway – The Potato Country
Norsk språk og politikk, HURRA!
> Holdning til dialektar og folkemål, også i leiande posisjonar
> Lovgjeving for nynorsk, samisk og andre minoritetspråk
> Del av demokratisk politikk, Stortinget og regjering inne i viktige avgjerder: Nynorsk kultursenter, Nynorsk mediesenter, Senter for nynorsk skriftkultur, Nynorsk pressekontor
> NRK og delvis TV2 stør opp under offisiell politikk, formelt
> ”Uakademiserte” skriftspråk
> Samarbeid gjennom Nordens språkråd og EFNIL og int. konvensjon, viktig med ”den nordiske modellen”
> Språkfred gjennom Norsk språkråd

Nokre sideblikk utanfor landegrensene, me treng å komma på bana
> Svensk parlamentarikarkommisjon har levert innstillinga ”Mål i mun” som foreslår språklov som sikrar rett til opplæring i svensk, i morsmål og i framandspåk. Foreslår også språk som eit hovudområde for politikk
> Danskane har fått ”Sprog på spil”, utspel til språkpolitikk, som mellom anna tek opp kunst og kultur som eit sentralt emne
> Sverige-finsk har fått sitt program: Tänk om!
> EU har språkpolitiske organ av ymse slag

Nokre sideblikk utafor landegrensene- 2
> Angloamerikansk språkpåverknad eit samtaleemne, døme: Samanbrotet for tysk som naturfagleg vitskapsspråk, trugsmåla mot fransk
> Europa i bakleksa: Kva med mandarin, hindi?
> Normaltilstanden er å ha fleire språk innanfor ein nasjon, også målformer som er innbyrdes ulike, også ”unyttig” språkstrid
> Kraftige tiltak i enkelte land: Frankrike, Italia, Polen, dei baltiske landa: Lovverk, dubbing, skulesystem osv.
> I det nordiske språkfelleskapet er domenetap sentralt, likeså diskusjonen om importord. Ei viss usemje om domenetap, og kor truga me er
> Mange er flinkare enn Noreg på minoritetsspråk. Me treng ein meir utvikla politikk på det: Krav til, krav frå innvandrarar, t.d.

Mange språkgrupper treng ein politikk, kva skal Språkrådet ta seg av?
> Ein vedteken språkpolitikk som vedkjem meir enn Kulturdepartementet og litt til
> Ein språkpolitikk som forsvarar tre rettar: retten til nasjonalspråk, til morsmål og til framandspråk
> Ein språkpolitikk som vil ha norsk som det valde språket, alle stader der ikkje anna er nødvendig
> Norsk, nn og bm, som fullverdig, samfunnsberande språk
> Språkpolitikk i mange lag
> Norsk, nynorsk og bokmål, mot engelsk
> Nynorsk, det jamstilte mindretalsspråket, mot bokmål
> Innvandrarspråk i Noreg mot norsk, også nynorsk
> Samisk, urfolkspråket mot norsk og andre minoritetar
> Nasjonale minoritetar: (kvenar, romani …)

Norsk, bokmål og nynorsk, må forsvarast mange stader
> Høgre utdanning og forsking (meir enn 50 % av pensum ikkje norsk) Utdanning, forsking, formidling
> Fagspråk, terminologiarbeid:
> Eit nasjonalt terminologiarbeid er nødvendig
> Ikt-verda vil påverka og letta arbeidet, men må styrast:
> Programvare på nn og bm, taleteknologi mm.
> Næringslivet (sale), konsernspråket
> Språket i forvaltninga:
> Regelverk og praksis, og kva så? Har Vinje rett?
> Standardar, avtalar, patentar, bruksrettleiingar
> Folkeleggjering av dei vanskelege tema, oberstar, sosialøkonomar – og politikarar må skulerast!


Norsk, bokmål og nynorsk, må forsvarast mange stader
> Barnehage og skule
> formålsparagrafar og læreplanar
> Praktisk arbeid i gruppa, lærarkurs
> Kultur: Litteratur, teater, kunst ….

Støtteordningane må styrkjast
> Media:
> Riksavisene blir verande norske, men nynorske?
> Konsesjonar i etermedia og elles må brukast
> Populærmusikken og motar, ikkje så skummelt, likevel?
> Teksting er eit nøkkelord. Eller dubbing?
> Språket i nettverda: ei utfordring og ei mulegheit, kanskje beste hjelparen?

Og så må språket framleis normerast!
> Normering i etermedia og på internettet, det knappe og konsise språket, tv-koden og nettkoden
> Normering av standardspråket, av kven? Kva med nynorsken?
> Dialekt/standard: også teljemåte, bannan-debatt, stadnamn
> Terminologi
> Gå føre, utfordra på område som kjønn og språk (kvinner i styreromma, men dei skal heita formann!), norvagisering (røyrleidning, utblåsing, gir, lunsj o.a)

Kva organisering krev så dette?
> Interessant diskusjon: Språkpolitikk og språknormering i ei liberalistisk tidsånd. Privat initiativ blir viktigare, det er mindre tru på overdriven statleg språkregulering. Nødvendig med forståing og motivasjon for ”språktvang”, tidsskifte der?
> Organisasjonar, særleg media blir viktigare enn normeringsapparatet. Redaksjonelle synspunkt og innspel får auka språkleg tyngd. Likevel: Den folkelege tradisjonen i Noreg tilseier også folkevald språkrøkt, ikkje eit akademi etter fransk mønster, eller eit reint medieskapt normsystem.

Nokre føresetnader
> Eit lovoppretta organ, på grunnlag av ein vedteken, nasjonal språkpolitikk
> Eit sjølvstendig organ, med friare rolle i høve til KKD enn i dag, og tydelege liner til UFD, NHD, FD og MD
> Eit offensivt organ, ikkje ein byråkratisk tilsyns- og kontrolletat. Måltrost meir enn målklegg, ein ”sylfest”
> Styre med legitimitet ut frå oppnemning og representativitet. 8-10 medlemmer? Bør vera nasjonale politikarar med?
> Styre må ha fagleg tyngd, men og samfunnstyngd
> Jamstellingsprinsippet mellom målformene må gjelda i styre og administrasjon. Prinsippet blir utfordra

Nokre føresetnader - 2
> Eit system med fagråd for dei viktigaste områda, som:
> Utdanning/Oppvekst
> Normering og fagterminologi, også stadnamn
> Styrking av norsk språk i forhold til engelsk
> Språk i forvaltninga
> Andre språk i Noreg
> Ein fast årleg konferanse om norsk språk, gjerne med samling av faggrupper og nettverk i botnen
> Vera aktive i eit system av nettverk og samarbeidsorgan, høg medieprofil


Og dessutan vil eg seia
Norsk, nynorsk og bokmål, kjem til å overleva i nye hundre år

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no