Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Heilt topp altså!

 (27.10.2005)

Jorun Stiansen strålte då ho fekk Dialektprisen 2005 frå Mållaga på Agder.
- Eg er kjempstolt over å få denne prisen. Ærleg talt hadde eg aldri trudd denne dagen skulle koma, at eg skulle få pris for dialekten min, sa Stiansen nøgd.

Fjorårets idol-vinnar fekk Dialektprisen for å vera trygg på seg sjølv og eigen dialekt. I grunngjevinga vert det også sagt at Jorun Stiansen er ein flott ambassadør for gode språkhaldningar og for Vennesla.

Prisen vart delt ut av Aslak T. Fjermedal, leiar av Vest-Agder Mållag og Astrid Myhre, leiar av Aust-Agder Mållag
-I ei tid der dialektane nærmar seg bokmål og bymål er Jorun Stiansen ei motvekt. Det er me i Mållaget glade for.

Hit på "Venneslask"?
Fjermedal kom også med ei utfordring til Vennesla sine musikalske stjerner.
- Kven kan fyrst kome med ein skikkeleg hit på "venneslask"-som me kallar det - vert det Jorun, Maria Arredondo, eller kanskje tungrockgruppa Trail of tears?
Jorun på si side tok utfordringa med godt humør.
- Me får sjå, eg har byrja å skrive på nye låtar no, så får me sjå, smilte gladjenta frå Vennesla.

Ikkje så mykje "hæ" lengre
- Eg kjeme aldri til å legge om dialekta mi, sa Stiansen og fortalde at venner opg kjende no byrja
å forstå dialekta hennar bedre enn i byrjinga av idol-karrieren.
-Det er ikkje så mykje "hæ" lengre"!
Elevar frå Vennesla vgs var tilstades under utdelinga og fortalde om sitt prosjekt der dei har forska på Vennesla -dialekten. Dei har funne ut at dialekten held seg godt, no forskar dei også på den såkalla "Jorun-effekta" på Venneslal-dialekten. Det arbeidet er ennå ikkje ferdig.

Jorun Stiansen fekk eit bilete av kunstnaren Kjell Nupen, ei bok som skildrar kunsten til den kjende sørlands-kunstnaren og eit diplom frå Mållaga på Agder.
- Det biletet var nydeleg, det skal rett på veggen, slo Stiansen fast då ho mottok prisen.

Les meir om denne populære utdelinga hjå <a href="http://www.nynorsk.no/ml/agder/">http://www.nynorsk.no/ml/agder/</a>

Judith Litlehamar
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no