Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Olaug Nilssen festspeldiktar i 2006

 (26.10.2005)

Melding. 26.10.05. Olaug Nilssen (27) blir festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela 2006. Ho er den yngste festspeldiktaren til no. Dei Nynorske Festspela har vore arrangerte kvart år sidan 1992, og Nilssen er den trettande forfattaren som får det ærefulle oppdraget. Festspela blir opna onsdag 21. juni og sluttar søndag 25. juni.

– Eg synest det er ei ære å bli spurt, og eg gler meg til å vere med å lage tidenes kjekkaste festspelprogram, seier Olaug Nilssen. Fredag lanserer Samlaget den nye romanen Få meg på, for faen, som alt har fått stor merksemd. Olaug Nilssen debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr.

I 2004 kåra Morgenbladet henne til ein av dei beste forfattarane under 35 år, og same året vann ho Radio Røynda-prisen. Saman med Gunnhild Øyehaug er ho redaktør for det litterære tidsskriftet Kraftsentrum, der første nummeret kjem i november, og ho skriv bloggen www.olaug.skoddeheimen.no. Ho kjem frå Førde i Sunnfjord, men har budd i Bergen sidan 1996.

Det er Nynorsk kultursentrum som arrangerer Dei Nynorske Festspela, og direktør Ottar Grepstad er svært glad for at Olaug Nilssen takka ja til å vere festspeldiktar.
– Festspela i 2006 blir prega av at det er hundre år sidan Noregs Mållag blei skipa. Desse festspela vil vi bruke til å sjå framover, og då var det viktig å ha ein festspeldiktar frå den generasjonen av forfattarar som kjem til å prege norsk litteratur dei neste tiåra. Vi legg vekt på å veksle mellom nye og etablerte stemmer, og difor går vi frå Edvard Hoem i år til Olaug Nilssen neste år. Vi har mange sterke namn på lista over dei vi ønskjer som festspeldiktarar i framtida, seier Grepstad.

Programansvarleg Christel Siem i Nynorsk kultursentrum har hatt eit første idémøte med festspeldiktaren, og no tek planleggingsarbeidet til for fullt. Nynorsk kultursentrum samarbeider også tett med Noregs Mållag om profilen på festspela i jubileumsåret 2006.

Festspeldiktarar 1994–2005
1994: Kjartan Fløgstad
1995: Halldis Moren Vesaas
1996: Paal-Helge Haugen
1997: Ragnar Hovland
1998: Jon Fosse
1999: Åse-Marie Nesse
2000: Rune Belsvik
2001: Brit Bildøen
2002: Einar Økland
2003: Marie Takvam
2004: Frode Grytten
2005: Edvard Hoem
2006: Olaug Nilssen

For meir informasjon
Programansvarleg Christel Siem, tlf. 70 04 75 79
Direktør Ottar Grepstad, tlf. 90 61 67 27

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no