Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Barne-tv på nynorsk!

 (26.10.2005)

Pressemelding frå Kringkastingsringen 26.10.05: - Dette bør bli ein vane, seier leiar i Kringkastingsringen, Unn Aarrestad, i ein komentar til at det i morgon vert synt ein ny barne-tv-serie, Her er eg, på nynorsk, produsert av NRK Sogn og Fjordane.

Unn Aarrestad meiner barne-tv på nynorsk er viktig for den språklege sjølvkjensla til born i nynorskområde ved at borna kjenner seg igjen i språket. Borna identifiserer seg med det dei ser og høyrer på barne-TV og leikar gjerne på barne-TV språk. Nynorsk og dialektar er naturlege bruksspråk, sjølvsagt også for born og unge. Derfor meiner Kringkastingsringen at dette er så viktig.

Denne serien er ikkje berre gledeleg fordi den er på nynorsk, men også fordi denne barne-TV serien presenterer portrett av born som bur utanfor dei store byane, seier Unn Aarrestad.
NRK bør i større grad bruka distriktskontora i produksjonen av barne-TV.
Aarrestad meiner det er viktig at born over heile landet kjenner seg att i barne-TV.

Kringkastingsringen har arbeidd med denne saka over lengre tid og er derfor glad for at ho nå ber frukter.

For meir informasjon:
Leiar Unn Aarrestad, telefon: 975 62 035
Dagleg leiar Marit Aakre Tennø, telefon: 23 00 29 50 / 45 47 17 16

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no