Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nye vegar i sidemålsundervisninga

 (25.10.2005)

Melding. 25.10.05. Torsdag 3. november skipar Nordmøre Mållag eit seminar på Tingvoll Brygge kalla "Nye vegar i sidemålsundervisninga". Bakgrunnen for seminaret er ein idé og eit forsøk for ei betre sidemålsundervisning som vart gjort på Åndalsnes ungdomsskole: Elevar med bokmål som hovudmål har brukt nynorsk i eit anna fag enn norsk.

Forsøket gjekk ut på å sjå om bruk av nynorsk utanfor norsktimane førde til endring i haldningar til og dugleik i nynorsk.

- Vi vart svært fornøgde med forsøket, seier Geir Grav, rektor på Åndalsnes ungdomsskole. I utgangspunktet var elevane til dels skeptiske til nynorsk, men etter kvart som forsøket heldt på endra elevane haldningane sine. Resultatet vart så bra at vi utvida forsøket til å gjelde fleire klassar neste året og vi held fram i år også, seier Grav.

Forsøket på Åndalsnes ungdomsskole vart så vellukka at fleire skular ynskte å prøve ut forsøket. Ein av desse skulane var Holmlia skole i Oslo:
- Vi var svært spente då vi sette i gang forsøket, seier Torill Tørjesen, lektor på Holmlia skole. Ikkje minst var det ei utfordring på ein skule der ein stor del av elevane har framandspråkleg bakgrunn. Det viste seg fort at vi ikkje trong vere spente i det heile. Mest alle elevane, så vel dei framandspråklege som norskspråklege tykte vel om å lese og skrive nynorsk i eit anna fag enn norsk. Forsøket vart så vellukka at vi gjennomfører dette i fem klassar dette skuleåret, seier Tørjesen.

I inneverande skuleår gjennomfører skular frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør den såkalla åndalsnesmodellen.

- Vi ynskjer å presentere nye vegar i sidemålsundervinsinga, seier Nils Ulvund i Nordmøre Mållag. Jamvel om der kan vere sterke meiningar om sidemålsundervisninga, trur vi det skal lite til for å endre så vel haldningar til som dugleik i nynorsk. Vi er glade for at Grav og Tørjesen kan kome for å fortelje om dette og vi vonar dette tiltaket vil vere interessant for alle som underviser i skulen, seier Ulvund.

På seminaret kjem òg direktør i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim for å kommentere nye vegar i sidemålsundervisninga. I tillegg kjem Benthe Kollberg Jansson frå Høgskolen i Østfold for å innleie om kva opningar den nye læreplana i skulen gjev i sidemålsundervisninga.

For meir informasjon:

Kontakt: Nils Ulvund, konstituert leiar i Noregs Mållag, telefon 900 27 161 eller 7169 8288
Geir Grav, rektor ved Åndalsnes ungdomsskule, tlf 901 16 765
Torill Tørjesen, lektor ved Holmlia skole, tlf 920 36 674

Program
(til kvart punkt er det sjølvsagt sett av tid til spørsmål og ordskifte)

09:30 - 10:00 Kaffi og vaflar
10:00 Røynsler frå forsøk med sidemålsopplæring i andre fag enn norsk v/Geir Grav, rektor Åndalsnes ungdomsskule og Torill Tørjesen, lektor Holmlia skole i Oslo. Elevar frå Holmlia skole
11:30 Kaffi

11:45 Sidemålet i ny læreplan v/ Benthe K. Jansson, Høgskolen i Østfold

12:30 Kommentar v/ Petter Skarheim, direktør Utdanningsdirektoratet

13:00 Slutt. Lunsj

Pris: 300,- per deltakar
Påmelding: Innan 27. oktober.

Ring/skriv til Nordmøre Mållag v/ Nils Ulvund 6622 Ålvundfjord,
e-post: <a href="mailto">olvund@online.no">olvund@online.no</a>, tlf: 9002 7161 eller 7169 8288

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no