Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dagbladet fekk 36 000 underskrifter for nynorsk!

 (22.10.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 22.10.05. I dag avslutta Noregs Mållag kampanjen Slepp nynorsken til! Markeringa skjedde på Det Norske Teatret der Gudleiv Forr frå Dagbladet fekk overrekt oppropet med fantastiske 36 000 underskrifter!

Journalist og kommentator Gudleiv Forr takka for underskriftene og nytta også høvet til å takke for engasjementet for språket.

- Dagbladet har fått ny ansvarleg redaktør, Thor Gjermund Eriksen, som Noregs Mållag har blitt invitert til møte med. Han skal sjå på saka og kan vurdere det annleis enn sine forgjengarar, sa Gudleiv Forr til alle dei som hadde møtt fram for å få med seg avsluttinga av nynorskkampanjen.

Deretter var det forfattar og skribent Olaug Nilssen som overtok mikrofonen. Ho heldt eit skarpt kåseri der ho (på vegne av Kvinnemannalaget) varsla sterke verkemiddel i kampen for å få nynorsk i VG og Dagbladet. Ho lanserte slagordet Nynorsken duger - bokmålet syg! Men inntil vidare støtta ho og Kvinnemannalaget seg til kampanjen Slepp nynorsken til!

- Bak dei 36 000 namna på oppropet er det svært mange fleire som stør kravet om at nynorsken må få sleppe til i VG og Dagbladet, sa Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. Då han leverte underskriftslistene til Dagbladet.

For meir informasjon:
Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 918 05 620 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 957 85 560 (m)

For nedlasting av bilete av Gudleiv Forr og Steinulf Tungesvik: <a href="http://www.nm.no//bilder/ngudleiv_forr_og_steinulf_tungesvik.JPG">Bilete</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no