Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dagbladet fekk 36 000 underskrifter for nynorsk!

 (22.10.2005)

Melding. 22.10.05. I dag avslutta Noregs Mållag kampanjen; Slepp nynorsken til!. Markeringa skjedde på Det Norske Teatret der Gudleiv Forr frå Dagbladet møtte opp og fekk overlevert oppropet med fantastiske 36 000 underskrifter!

Journalist og kommentator Gudleiv Forr takka for underskriftene og nytta også høvet til å takke for engasjementet for språket.

- Både Dagbladet og Noregs Mållag har same grunnleggjar, nemleg Hagbart Emanuel Berner. Dagbladet har arbeidd for norsk språk i 140 år. Språk er identitetsskapande, sa Gudleiv Forr. Han la vekt på at det var viktig at språket også er språkpolitikk.

- Dagbladet har fått ein ny ansvarleg redaktør, Thor Gjermund Eriksen, som Noregs Mållag har blitt invitert til møte med. Han skal sjå på saka og kan vurdere det annleis enn sine forgjengarar, sa Gudleiv Forr til alle dei som hadde møtt fram for å få med seg avluttninga av den flotte nynorskkampanjen.

<!--@bilde 18978,h,5,5@--><img src="http://www.nm.no/bilder/olaug_nilssen_paa_kampanjeavslutting.JPG" width=227 height=169 hspace=5 vspace=5 align="right" border="0" alt="Olaug Nilssen">Guro Gravem Johansen og Per Einar Watle opna markeringa med å spele nynorsk jazz med tekst av Olav H. Hauge.

Deretter var det forfattar og skribent Olaug Nilssen som overtok mikrofonen. Ho heldt eit skarpt kåseri der ho (på vegne av Bladkvinnelaget) varsla sterke verkemiddel i kampen for å få nynorsk i VG og Dagbladet. Ho lansert slagordet; Nynorsken duger - bokmålet syg! Men inntil vidare støtta ho og Bladkvinnelaget seg til kampanjen til Noregs Mållag; Slepp nynorsken til!

Steinulf Tungesvik nytta høve til å takke alle dei som har gjort ein flott innsats for kampanjen. Han la vekt på at bak dei 36 000 namna som hittil har skrive seg på oppropet er det svært mange fleire som stør kravet som at nynorsken må få sleppe til i VG og Dagbladet.

For nedlasting av bilete av Gudleiv Forr og Steinulf Tungesvik: <a href="http://www.nm.no//bilder/ngudleiv_forr_og_steinulf_tungesvik.JPG">Bilete</a>

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no