Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Flott avslutting på vellukka nynorsk-kampanje!

 (20.10.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 20.10.05.
Over 35 000 som har skrive seg på oppropet "Slepp nynorsken til! Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG!". Oppslutnaden er overveldande, og Noregs Mållag meiner at VG og Dagbladet ikkje kan sjå vekk frå dette. Noregs Mållag krev at avisene lyttar til dei 35.000 og opphevar nynorskforbodet sitt snarast.

Kampanjen skal avsluttast med smell laurdag 22. oktober klokka 13.00 på Det Norske Teatret i Oslo.

Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, vil vere til stades. Det vil også forfattar Olaug Nilssen som skal underhalde og Guro Gravem Johansen og Per Einar Watle skal spele nynorsk jazz!

Les meir om kampanjen, og finn alle som har skrive under her: http://www.nm.no/

For meir informasjon:
Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 918 05 620 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 951 65 510 (m)
Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag, 23 00 29 37 (a), 957 85 560 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no