Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommentar til vellukka kampanje!

 (19.10.2005)

Melding. 19.10.05. Journalist Alf Skjeseth i Klassekampen, har i dag ein flott kommentar om kampanjen Slepp nynorsken til! Les meir i <a href="http://www.klassekampen.no/scripts/goto?lid=290222">Klassekampen</a>.

Artikkelen er henta frå Klassekampen:
"Målstrev

Av Alf Skjeseth

Noregs Mållag set no punktum for ein vellukka kampanje for å styrke nynorskens stilling i media. Kravet om å sleppe nynorsken til har særleg vore retta mot laussalsavisene VG og Dagbladet. Laurdag vil redaktørar frå VG og Dagbladet få overrekt 35.000 underskrifter for kravet om å opne for nynorsk i spaltene. Men kampanjens bodskap har også adresse til andre media. Ein viktig språkdannar som Norsk Telegrambyrå (NTB) fortener også eit kritisk blikk frå målrørsla. NTB er minst like språkleg einsretta som dei store Oslo-avisene.

Mållagets kampanje har engasjert målfolket sterkt, fordi bokmålsdominansen i storavisene er eit så synleg døme på den daglege diskrimineringa av eitt av våre to jamstilte språk. Aksjonen har også fått støtte frå sentrale politikarar både i og utafor dei nynorske områda, fordi den tek opp viktige prinsipp. Høgres veteran Inge Lønning har sagt at prinsippet om at alle skal ha rett til å velje målforma si, bør bli innført i alle samanhengar. Venstres nestleiar og stortingsrepresentant Trine Skei Grande kallar nynorskforbodet for medarbeidarar i VG og Dagbladet for sensur og språkleg apartheid.

Dei få storavisene i Oslo som berre unntaksvis slepp nynorsk til i spaltene, skil seg negativt frå ei utvikling med større språkleg mangfold i media. Alle dei mindre, riksdekkande avisene, som Klassekampen, nyttar bokmål og nynorsk side om side. Det same gjer dei store regionavisene og aviser med nedslag i nynorske område. Nynorsk er også meir å sjå i Dagsavisen, med sitt nedslagsfelt i Oslo og Akershus. I NRK og TV 2 oppstår frå tid til annan diskusjonar om dialektbruk, men det er sjølvsagt at nynorsk skal vera eit fullverdig og likestilt journalistspråk.

Når Dagbladet og VG unntaksvis svarer på kritikken frå målrørsla i ope lende, er det med prinsipplause argument og ved hjelp av underordna redaktørar som ikkje har ansvaret for språkpolitikken. Det er det sjefredaktørane som har, og slik må det vera, men desse stig aldri ned på gateplan for å forsvare seg. Deira reelle argument er opportunistisk og marknadsbasert: Eit stort fleirtal av lesarane har bokmål som hovudmål, og mange likar ikkje nynorsk. Så enkelt er det.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no