Melding. 19.10.05. Det er tid for innspurten for kampanjen "Slepp nynorsken til!" Fleire lag har gjort ein svært flott innsats. Telemark Mållag samla inn underskrifter på Dyrskuen i Seljord. Då fekk dei samla inn heile 805 underskifter!
Dette er standen til Telemark Mållag og Telemarksmagasinet under Dyrskuen i Seljord tidlegare i haust.
Ved sida av å selje bøker vart det samla inn 805 underskrifter i aksjonen mot VG og Dagbladet. Eit flott resultat.
- Motstanden mot dette forbodet er så stor at det er ikkje vanskeleg å samle underskrifter, problemer er å ha tid til å gjera det, seier Ragnvald Christenson.
Det var medlemmar i styret i Telemark Mållag og lokallaga som dela på å stå på standen. Dei som er med på bilete er leiaren i Mållaget Dag, Svanhild Haugen og Randi Kroken, medlem i Telemark Mållag. (Foto: Ragnvald Christenson)