Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsken treng ny regjering

 (14.10.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 14.10.05.
Det siste framlegget til statsbudsjettet frå Bondevik-regjeringa inneheld ikkje det nødvendige lyftet for nynorsken. Dette lyftet vonar Noregs Mållag at den nye regjeringa er klar til å gje.

Komande år vil vere eit merkeår for nynorsken. Då er det hundre år sidan Noregs Mållag vart stifta. Dette vil vere eit spennande jubileumsår, der Noregs Mållag ønskjer å setje i gang kultursatsing i barnehagar og på barneskular, i tillegg til tiltak for å syne fram språkleg mangfald i Noreg og i verda.
– Då er det ekstra nedslåande at Noregs Mållag ikkje har fått noko lyft i samband med statsbudsjettet. Mållaget vonar at den nye kulturministeren vil ta tak i dette, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. Løyvinga er i dag på 1,566 millionar kroner.

I framlegget til statsbudsjett manglar løyving til å etablere eit nynorsk nettleksikon og løyving til å lage eit læreverk på nynorsk for vaksne innvandrarar. Budsjettet står slik sett i motsetning til den nye erklæringa frå i går, der det vart gjeve konkrete lovnader om finansiering av eit nettbasert nynorsk leksikon, tiltak for auka bruk av nynorsk i media og at offentlege nettstader skal følgja mållova.


For meir informasjon: Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)



Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no