Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noregs Mållag gratulerer regjeringa med godt utgangspunkt!

 (13.10.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 13.10.05. Soria Moria-erklæringa slår fast at regjeringa skal føra ein offensiv språkpolitikk, med særleg styrking av nynorsk. Det følgde òg av Bondevik-regjeringa si kulturmelding, og vassprøven er om dei faktisk gjennomfører det. Heile regjeringserklæringa kan du lese hjå til dømes <a href="http://www.senterpartiet.no/">Senterpartiet</a>.

Konkrete lovnader om finansiering av eit nettbasert
nynorsk leksikon, tiltak for auka bruk av nynorsk i media og at offentlege nettstader skal følja mållova må setjast i gang allereie hausten 2005,
seier Steinulf Tungsvik, leiar i Noregs Mållag.
- Dette er avgjerande for nynorskelevane, og for bokmålselevane som lærer seg nynorsk som sidemål. Dessutan vil det vera viktig at regjeringa ser på bokbransjeavtalen, slik at ho sikrar at nynorskelevane får lærebøker til lik tid og pris.

Norges Mållag er godt nøgd med at regjeringserklæringa slår fast ønsket om ein mangfaldig avisstruktur i Noreg. Dette vil vera viktig òg for dei over 60 avisene som bruker nynorsk i dag.

Det viktigast med erklæringa at ho påpeikar at nynorsk og bokmål er formelt likestilte, men at nynorsk reelt har vanskelegare kår.
Norges Mållag vil passa på at målet om å gjennomføre reell likestilling gjennomsyrer regjeringas gjerning på alle område, òg utanom kultur- og utdanningspolitikken. Mållaget ser fram til ei fast innkjøpsordning for faglitteratur. Den vil vera viktig for produksjonen av norsk faglitteratur.


For meir informasjon:
Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 95 16 55 10 (m) / 576 86 618

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no