Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hald på norsk i næringslivet

 (06.10.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 06.10.05.
Stadig fleire norske verksemder som satsar internasjonalt går over til å nytte engelsk som hovudspråk, melder NRK Kulturnytt. Til dømes har Hydro valt engelsk til sitt konsernspråk og Telenor skal går over til å berre nytte engelsk i toppleiinga og i styret.

– Det er heilt naudsynt at norsk næringsliv held fram med internasjonaliseringa, men språket internt og til den norske marknaden bør til vanleg vere norsk, seier Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag. Norske bedrifter gjer seg sjølv ei bjørneteneste når dei går over til å nytte eit framandspråk som sitt hovudspråk.

– Det syner seg at det er langt meir krevjande å uttrykkje seg presist både skriftleg og munnleg på eit framandspråk. Det gjeld også engelsk. Dette handlar derfor både om å hindre domenetap for norsk og om kvalitetssikring av sakshandsaminga i bedriftene, seier Steinulf Tungesvik. Han er glad for at Språkrådet vil gjere noko med denne utviklinga.


For meir informasjon: Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 91 80 56 20 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no